
Seks drept på kjøpesenter i Nederland
Mann gjekk berserk på kjøpesenter med maskingevær.
Det melder nyhendebyrået AP.
AP siterar den nederlandske statskanalen NOS. Dei kom med fyrste meldinga klokka 13.01.
Maskingevær
Statskanalen siterer igjen augevitne.
Det eine vitne, Maart Verbeek seier at angriparen hadde eit maskingevær. Verbeek seier at han såg minst fem døde menneske, og fleire skadde personar på kjøpesenteret.
Myndigheitene vil berre stadfesta at to menneskjer er skotne og drepne. Men dei utelukkar ikkje at tala vil stiga.
– Det er døde, det er skadde. Men tala kan førebels ikkje stadfestast, seier myndigheitene.
– Det var panikk på kjøpesenteret, og masse folk la på sprang, seier Veerbeek som eig ein dyrebutikk på kjøpesenteret.
Han seier at han såg våpendesperadoen komma gåande.
– Eg gjekk då inn i butikken min. Då ser eg han gå forbi butikken min med eit stort maskingevær, seier han.
Skaut seg sjølv etterpå
Årsaka til skytinga er førebels ukjent.
I følgje NOS så skal mannen etter kvart ha skote seg sjølv i hovudet med eit anna våpen. Ein pistol. Han skal vera ein av dei som er døde etter skytinga.
Politiet kunne ikkje stadfeste dette.
Andre skyteepisoden på ei veke
Våpendesperadoen skal vera rundt 25 år gammal, og var kledd i ei lêrjakke og hadde på seg kamuflasjmønstra bukser
Hendinga fann stad i byen Alphen Aan den Rijn, 21 kilometer sørvest for Amsterdam.
Så seint som andre april var det og skyting i same by. Då døydde to personar, og to personar blei skadd.
Tv2nyhetene.no føl saka.