Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Lottokupongen kjøpte han på Statoilstasjonen på Vesterveien i Kristiansand då han kjøpte sin vanlege kaffikopp. Telefonen frå Norsk Tipping tok han ikkje.

– Eg var i København med resten av stortingsgruppa til Frp då telefonen frå Norsk Tipping kom. Du blir jo litt sjokkert, seier Henning Skumsvoll frå Farsund i Vest-Agder til Fædrelandsvennen.

Gevinsten, den var på 7,7 millioner kroner.

Skal unna seg ny bil

Og for den som lurer - det kjennest godt å vera fersk Lotto-millionær. Det fortel Skumsvoll tv2nyhetene.no

– Hugser du gullrekka?

– Sjølvsagt, humrar Frp-politikaren, som har hatt plass på Vest-Agder-benken sidan 2009.

Kuppongen fyllte han ut sjølv. Tala som gjorde han til storvinnar i Lotto var 1 - 6 - 9 - 10 - 16 - 33 og 34.

Livet blir ikkje heilt som før, i alle fall blir det ein ny bil på tunet.

– Og eg vil kunna gjera ting eg ikkje har kunna gjort tidlegare, seier Skumsvoll.

Vil fortsetja å tippa

Særleg store gevinstar på Lotto har det ikkje blitt tidlegare. 500 kroner er det meste Skumsvoll har vunne til no.

– Kjem du til å fortsetja å tippa Lotto?

– Ja, med moderate beløp. Det ligg i blodet det, seier den ferske Lotto-vinnaren i energi- og miljøkomiteen.