SJOKOLADEGRÜNDAR: Jeanette Johansen har starta sjokoladefabrikk på Værøy, ein øy-kommune i Lofoten.  (Foto: TV 2)
SJOKOLADEGRÜNDAR: Jeanette Johansen har starta sjokoladefabrikk på Værøy, ein øy-kommune i Lofoten. (Foto: TV 2)

Jeanette fra Værøy startet sin egen sjokoladefabrikk

Jeanette Johansen startet sin egen sjokoladefabrikk i lokalene til den nedlagte flyplassen på Værøy i Lofoten.

Gründaren frå Værøy har bevist at det går an. I den vesle øy-kommunen i Lofoten har ho lukkast med å starta sjokoladefabrikk.

EROTISK SJOKOLADE: Små og store sjokoladepenisar er blant produkta Lofoten Sjokolade kan by på. (Foto: TV 2)
99,9 prosent sa til meg. Dette her kan du ikkje gjera, dette her kan du ikkje starta, fortel Jeanette Johansen innehavar av Lofoten Sjokolade.

Ordføraren tvilte

TVILTE: Ordførar i Værøy Harald Adolfsen var blant dei som tvilte på sjokoladefabrikkideen. (Foto: TV 2)
Ordføraren i Værøy var blandt dei som tvilte på Johansen sin idé.

– Vi meinte at sjokolade ikkje var det rette produktet å satsa på i ein øykommune langt ute i havet, seier Harald Adolfsen.

Med verda som marknad

På Trollhavna i Værøy, i lokala til den nedlagde flyplassen, blir sjokolade laga og pakka og sendt ut.

– Tyskarane er heilt gal etter denne her erotiske sjokoladen, fortel Johansen og viser fram sjokoladepenisar av mørk sjokolade i ulike variantar.

Se video av Jeanette og sjokoladefabrikken hennes øverst.

FRA FLY TIL SJOKOLADE: Her i dei nedlagde flyplasslokala på Værøy held Lofoten Sjokolade til. (Foto: TV 2)

Pengehjelp til andre

Regjeringa vil ha fleire gründarar opp å stå. 20 millionar kroner skal brukast til å bistå gründarar landet rundt med ei eiga mentorordning.

– Eg trur dette er ei viktig ordning for at framtidige gründarar skal opp og stå.

– Difor rullar me ordninga ut over heile landet no, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete (Sp) på besøk i Johansen sin sjokoladefabrikk i Lofoten.