vei_firda (Foto: David E. Antonsen, firdaposten.no/ANB)
vei_firda (Foto: David E. Antonsen, firdaposten.no/ANB)

Denne veien er farlig - men ikke farlig nok

Selv om det har vært ni ulykker de siste årene.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Ulukka utanfor Svelgen førre veke var den niande ulukka på strekninga Indrehus-Svelgen på ti år. Det skriver Firdaposten.

Men det er for lite ulukker til at Fv. 614 mellom Indrehus og Svelgen kan kallast ein farleg vegstrekning. Det ifølgje Statens vegvesen sine mål.

Ei ulukke i året

Fire av desse ulukkene har skjedd i løpet av dei siste fire åra. Det vil seie at det er kring ei ulukke på strekninga i året.

Ulukka onsdag føyer seg inn som utforkøyring nummer fire på ti år, på den vel 13 kilometer lange strekninga mellom Indrehus og Svelgen.

I det same tidsrommet har det vore fire møteulukker, ei påkøyring bakfrå og ein fotgjengarulukke. I ein av desse ulukkene vart ein alvorleg skadd, resten av dei involverte i ulukkene har fått lettare og moderate skader.

I alt har Statens vegvesen registrert 27 ulukker på heile Rv. 614 dei siste ti åra.

– Inga farleg strekning

Dette gjer at Statens vegvesen ifølgje deira definisjon ikkje karakterisere strekninga som ein ulukkesstrekning. Sjølv om fire av desse ulukkene skjedde innanfor ein kilometer, før og etter avkøyringa til ferjekaia på Kjelkenes, er det for lite til at det kan kallast eit ulukkespunkt.

– Her i Sogn og Fjordane har vi ingen ulukkesstrekningar eller ulukkespunkt lenger, slik våre retningslinjer definerer det. Grunnen er at ulukkene i fylket skjer veldig spreidd kring om. Det vi har hatt av ulukkespunkt og strekningar tidlegare, har blitt utbetra.

Det seier trafikktryggleikskontakt for kommunane i Statens vegvesen Kari Solemsli, og understrekar:

– Når det er sagt så har også trafikantane ansvar for å halde seg til vegnettet slik det framstår kvar ein tid.

Du kan lese mer om bil og trafikk hos firdaposten.no - klikk her

LES OGSÅ: Stupte 15 meter i fritt fall og havnet i sjøen

Det var litt av eit skode, då den totalvraka bilen vart henta opp torsdag morgon. Det er ikkje noko anna enn eit gledeleg under at ingen måtte bøte med livet i denne ulukka. (Foto: David E. Antonsen, firdaposten.no/ANB)