Stupte 15 meter i fritt fall - og havnet i sjøen

Dette kaller vi flaks! Ungdommene kom fra det med lettere skader.

vrak i vannet ring (Foto: David E. Antonsen, firdaposten.no/ANB)
vrak i vannet ring (Foto: David E. Antonsen, firdaposten.no/ANB)

vrak-opp-sjøen (Foto: David E. Antonsen, firdaposten.no/ANB)
vrak-opp-sjøen (Foto: David E. Antonsen, firdaposten.no/ANB)

Det kunne ha gått så mykje verre då ein personbil onsdag kveld kring kl. 23.18 køyrde av vegen på rv. 614 ved Birkeli, mellom Kjelkenes og Svelgen. Det skriver Firdaposten.

Bilen hamna på taket i sjøen, etter eit fritt fall på vel 15 meter. I sjøen låg den på ei hylle, som like attmed bilen gjekk over i brådjupne.

Det var to personar i bilen, ein mann i slutten av tenåra og ein mann i starten av 20-åra. Dei kom seg sjølve ut av bilen.

Totalvrak

Personane vart først kjørt til lege i Svelgen, og derifrå vidare til Førde Sentralsjukehus. Den eine personen var moderat skadd, den andre lettare skadd.

Bilen var totalvrak etter utforkøyringa, og ber preg av å ha knust taket, motorrommet og understellet.

Årsaka til ulykka er førebels ikkje kjent, melder Sogn og Fjordane politidistrikt, men det er ikkje mistanke om ruspåverknad.

Du kan lese mer om bil og trafikk hos firdaposten - klikk her