Illustrasjonsfoto: Scanpix
Illustrasjonsfoto: Scanpix

Tatt to ganger i fartskontroll - på en halv time

Mistet førerkortet første gang, men fikk lov til å kjøre hjem...

Ein mann (30) frå Sogn vart søndag kveld stoppa av politiet i 50-sona i Knarvik i Nordhordaland i 81 kilometer i timen. Det skriv Strilen.no.

Han fekk lov å køyre heim utan førarkort, då han berre skulle strake vegen heim att.

Teken på nytt

Men allereie ein halvtime etterpå vart mannen teken i fartskontroll på nytt. Og då UP spurde etter førarkortet, måtte sogningen tilstå at det hadde politiet tatt frå han ein halvtime tidlegare.

Men mannen kom seg heim til Sogn til slutt, utan førarkort og med to førelegg på samvitet.

– Han fekk faktisk lov å køyre heim att etter andre kontrollen óg, seier politioverbetjent Kjell-Idar Vangberg ved Nordhordland lensmannsdistrikt til Strilen.

Han reknar med mannen fekk seg ein lærepenge han kjem til å hugse ei stund.

Du kan lese mer om bil og trafikk i Motormagasinet hos firda.no - klikk her