Slik såg dekket til Arve Ekehaug etter at han køyrde over denne nøkkelen. Foto: MMS-foto: Arve Ekehaug/privat/firda.no/ANB
Slik såg dekket til Arve Ekehaug etter at han køyrde over denne nøkkelen. Foto: MMS-foto: Arve Ekehaug/privat/firda.no/ANB

Joda - slik kan du faktisk punktere

Arve trodde først at noen hadde plantet bilnøkkelen i dekket hans.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Arve Ekehaug fekk ein dårleg start som fersk sjåfør. Ein nøkkel på vegen ga han flatt dekk på den nye bilen sin.

– Først var eg sikker på at nøkkelen var planta der, eg kunne ikkje forstå korleis den elles kunne hamna i hjulet, seier Arve Ekehaug til firda.no

Måndag punkterte 18- åringen frå Bjørvikstranda i Gaular bildekket sitt på ein svært uvanleg måte i Førde sentrum.

Trudde han ikkje

– Like etter at eg hadde passert rundkøyringa ved Førde Hotell i retning Gaular, høyrte eg veldige dunkelydar frå bakdekket, seier Arve som stoppa ved ei busslomme like etterpå.

Her hoppa kompisen ut for å sjekke kva som hadde skjedd med bilen.

– Og då han ropte at det stod ein nøkkel i bakhjulet trudde eg han berre ikkje, seier den ferske sjåføren som tok lappen i førre veke.

– Først trudde eg at nøkkelen var planta, men eg trur nok at eg har køyrt over nøkkelen på gata, seier 18- åringen.

Maks uheldig

Den nye bilen, som Arve henta på Austlandet førre helga, måtte innom Førde Vulk til reparasjon.

– Og dei sa at dei aldri hadde opplevd noko liknande før, seier 18-åringen.

– Det var maks uheldig at noko slikt skulle skje. Ingen andre eg kjenner har nokosinne opplevd noko liknande før, seier Arve Ekehaug som ikkje ser mørkt på framtida som sjåfør etter den uheldige starten.

- Nei, det skal nok gå bra, seier 18- åringen som i dag får hente bilen sin på verkstad.

Du kan lese flere saker i Firdas motormagasin - klikk her