
Fyrte opp mobilt gasskraftverk
I dag ble de to mobile gasskraftverkene på Aukra testet. De har kostet over to milliarder kroner, men er ennå ikke brukt.
Det mobile gasskraftverket på Aukra blei fyrt opp i dag, men det var for å teste anlegget. Fylkesordførar Olav Bratland (H) i Møre og Romsdal krev at dei to mobile gasskraftverka blir sett i drift for å få ned straumprisane.
Krev oppfyring
Politikarar og folk i Midt-Norge krev no at dei to mobile gasskraftverka på Aukra og Tjeldbergodden i Møre og Romsdal blir fyrte opp for å få ned straumprisane. Anlegga har kosta 2,3 milliardar kroner og er betalte av straumkundane gjennom auka nettleige.
– Dette er ein ekstrem situasjon som krev ekstreme tiltak. Det er berre å fyre opp anlegga, seier fylkesordførar Olav Bratland (H) til TV 2. Han får følgje av stortingsrepresentantane Oskar Grimstad (Frp) og Else- May Botten (Ap)
CO2 bombe
Dersom dei to anlegga blir sett i full drift slepp dei ut 734000 tonn Co2 i året. Noko som svarar til 1,3 prosent av Norges samla utslepp. Til no har regjeringa avvist å setje anlegga i gang, og Statnett opplyser at testen av gasskraftverket på Aukra i dag var rein rutine. Tilsaman blei det produsert 150 megawatt straum.
Folk er forbanna
På Moldefjorden treff vi passasjerar om bord i gassferja Moldefjord. I prinsippet fungerer denne ferja som eit mobilt gasskraftverk, men ho slepp ut om lag 25% mindre Co2 enn vanlege ferjer.
Alle passasjerane vi snakka med, var opprørte over at regjeringa ikkje gjer noko for å få meir like straumprisar her i landet.
– Heime er det kun tven som står på fordi det er OL. Resten har eg slått av for å spare straum, seier passasjer Erik Lorgen til TV 2.