LOVPRISER GUD: Men ikke Kristelig Folkeparti. Mannskapet på Elieser 6 har nå meldt overgang til Fremskrittspartiet.  (Foto: Sigurd Knudsen/TV 2)
LOVPRISER GUD: Men ikke Kristelig Folkeparti. Mannskapet på Elieser 6 har nå meldt overgang til Fremskrittspartiet. (Foto: Sigurd Knudsen/TV 2)

Melder seg ut av KrF og inn i Frp

Striden i Kristeleg Folkeparti har ført til at alle om bord i Betelskipet «Elieser 6» i Ålesund har meldt overgang til Framstegspartiet.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Lovsongen fyller betelskipet «Elieser 6» ved kai i Ålesund. Dei er eit tilbod til fiskarar som tek del i sildefisket og byr på sveler og guds ord.

Debatten i Kristeleg Folkeparti om støtte til Israel og ja til homofilt ekteskap gjer at dei ikkje lenger støttar partiet.

– Eg har alltid stemt KrF, men no set eg foten ned. Det er ille. Eit parti som seier dei står for dei kristne verdiane er no heilt på vidda, seier matros Arne Hansen som har meldt overgang til Frp.

GUDS HAVN: «Elieser 6» er en av mange båter som tilbyr Guds havn under sildefisket. (Foto: Sigurd Knudsen/TV 2)

Ja til Frp

Han får følgje av skipper Morten Tønnesen og dei andre ombord.

– Eg vil ikkje lenger vere med i KrF. Då vil eg heller støtte Frp som er tydelege i Israel-politikken, seier Tønnesen til Tv2.

Han vedgår å ikkje vere heilt på line med Frp i alkoholpolitikken, men peikar på at det ikkje er eit godt nok argument når KrF vil ha pol i kvar kommune.

Nei til homofilt ekteskap

Verst reagerer dei på at Inger Lise Hansen i KrF støttar homofilt partnarskap.

– Vi skal omfamne homofile, men vi skal ikkje godta at mann og mann, og kvinne og kvinne skal få gifte seg. Det er synd imot Guds ord. Du ser kva som skjedde i Sodoma og Gomorra. Det er akkurat det same som skjer i dag, seier matros Arne Hansen til Tv2.

Mørkemenn

På spørsmålet om dei ikkje er kompromisslause mørkemenn svarar skipper Morten Tønnesen slik:

– Ja, eg er vel det, men eg prøver å leve etter Guds ord så godt eg kan.