kristenungdom
kristenungdom

Unge kristne etterlyser flere kjerneverdier i KrF

Kristeleg Folkeparti er for utydelig i kjernesaker. Det meiner både unge potensielle veljarar og KrF-høvding Kjell Furnes i Bondeviks hjemfylke, Møre og Romsdal.

Ved Borgund Folkehøgskole i Ålesund syng dei for maten.

– Det er ikkje vanleg i den norske grunnskolen i dag, seier rektor Willy Mangersnes og stemmer i medan TV 2 er på besøk.

Elevene ved den kristne folkehøgskulen er alle potensielle KrF – veljarar og blir bedne om å gi råd til eit parti som har vaka rundt sperregrensa på fire prosent siden stortingsvalget i fjor høst.

Les også: – Store meningsforskjeller i KrF

Meir kristendom

– Samfunnet vårt byggjer på dei kristne verdiene og då burde kanskje KrF legge meir vekt på det enn vi har inntrykk av at dei har gjort, seier Synne Grønvold som er elev ved Borgund Folkehøgskole. Venninna Liv Jorunn Heddeland er samd:

– Eg forstår at KrF vil tekkes fleire og dermed fri til dei som ikkje er kristne, men då risikerer dei at profilen til partiet blir svekket, seier ho. Heddeland vil at KrF skal satse meir på kultur og tilbod til unge.

Skule, ekteskapslov og Israel

På øya Giske utenfor Ålesund treff vi ein av høvdingene i Kjell Magne Bondeviks hjemfylke. Kjell Furnes er tidlegare fylkesordfører og stortingsrepresentant. Han er ikkje i tvil om kva partiet bør gjøre:

– Kristeleg Folkeparti bør samle seg om færre saker. Det eine er å betre og slå vern om kristendomsopplæringa i skulen. Det andre er å støyete om ekteskapslova og det tredje er å gi sterkere støtte til Israel. Eg synes partiet har forsømt desse tre områdene i eit forsøk på å tilpasse seg dei som ikkje er tradisjonelle KrF- veljarar, seier Kjell Furnes.

Kan nå 10-15%

Han vil ha eit parti som står støtt i omstridte saker og trur at KrF igjen kan nå eit nivå på mellom 10 og 15% dersom politikken blir tydelegare.

– Eg har ikkje noko å utsette på Dagfinn Høybråten sin leiarstil. Han er ein god mann, men vi bør stå fast på politikken i staden for å heile tida prøve å tilpasse oss andre, seier KrF – veteranen til Tv2.