Volda og Ørsta har alltid vært rivaler. (Foto: TV 2/montasje)
Volda og Ørsta har alltid vært rivaler. (Foto: TV 2/montasje)

Ørsta frir til Volda

Siste ord er ikke sagt mellom gamle rivaler.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Kommunestyret i Ørsta vedtok torsdag å be Kommunal og regionaldepartementet å utgreie samanslåing med Volda. Ordføraren i Ørsta stemte imot.

Formannskapet i Ørsta sa nei, men kommunestyret sa ja. Dermed kan det gå mot å utgreie samanslåing av dei to kommunane dersom Volda vil.

I alle år har Ørsta/Volda kriga mot kvarandre på fotballbana og i kommunepolitikken. Voldingar og ørstingar har vore like uforsonlege som hund og katt, og vittige tunger har hevda at det er lettare å slå saman USA og Iran enn dei to sunnmørskommunane.

«To sorta folk»

Då TV 2 lodda stemninga etter vedtaket i formannskapet var kommentarane frå folk i gata at samanslåing var umogeleg .

– Samanslåing e’ umule. Me e’ to sorta folk, var replikken frå ein ørsting på Amfi kjøpesenter i Ørsta.

Bygdesentra ligg 10 minutt frå kvarandre med bil, men i hovudet til politikarane har avstanden vore mykje lenger fram til no.

Se reportasje fra 14. desember:

Voldaordførar er positiv

Ordføraren i Volda , Ragnhild Aarflot Kalland ( SP) seier til Sunnmørsposten at ho er positiv til intiativet frå Ørsta. Over nyttår vil ho ta saka opp politisk.

Skulle det gå så langt at også Volda seier ja er det eit varsel om at ein ny generasjon politikarar er kome til, men dei får ei kjempeutfordring.

Kva skal kommunen heite?

Ørsta er størst med litt over 10.000 innbyggjarar medan Volda har 8.500, men innbyggjartal får neppe betydning når dei skal finne namn på den nye storkommunen.

Då småflyplassen blei bygd mellom dei to bygdesentra oppstod ein herleg krangel om han skulle heite Ørsta/Volda eller Volda/Ørsta Lufthamn. Ørstingane vann.

Kva meiner du den nye kommunen skal heite? Kom med forslag.