«Oasis of the Seas» kan komme til å segle under norsk flagg.
«Oasis of the Seas» kan komme til å segle under norsk flagg.

Gigantskipet kan bli norsk

Sjefen i RCCL diskuterer gjerne flaggskifte med norske styremakter.

Verdas største cruiseskip, «Oasis of the Seas», ble onsdag overlevert frå verftet til rederiet Royal Caribbean Cruise Line (RCCL). Toppsjefen i reiarlaget, Adam M Goldstein, seier han gjerne diskuterer flaggskifte med norske styremakter. Næringsminister Trond Giske seier til TV 2 at det hadde vore fantastisk å få RCCL sine skip under norsk flagg igjen.

RCCL sin toppsjef Adam Goldstein er open for å diskutere flaggskifte.

Bahamas – flagg

Royal Caribbean er i dag verdas nest største cruisereiarlag med 38 skip. Dei har ni av verdas ti største cruiseskip, og nybygde «Oasis of the Seas» til 9 milliardar kroner er størst.

Skipa er i dag registrerte på Bahamas, men Goldstein seier han er open for ein dialog med norske styremakter om flaggskifte.

Norske røter

Royal Caribbean blei grunnlagt i 1969 av dei norske reiarlaga Anders Wilhelmsen & co, I.M. Skaugen og Gotaas-Larsen. I dag eig A. Wilhelmsen 15 prosent av Royal Caribbean Cruises LTD.

– Vi er bevisst våre norske røter, har alltid hatt eit godt samarbeid med Norge, og er opne for å flagge skipa tilbake, seier Goldstein. Det er ei rekke forhold som må avklarast før det kan skje, mellom anna om brudepar kan viast om bord . Ein flaggstat må vise vilje til å legge forholda godt til rette for oss slik Bahamas har gjort, seier han.

Kirke- og kulturminister Trond Giske. (Foto: Bendiksby, Terje/SCANPIX)

– Fantastisk

Næringsminister Trond Giske seier det hadde vore fantastisk å få RCCL sine skip under norsk flagg igjen. Han gler seg til å møte reiarlaget for å diskutere vilkåra for flaggskifte og han er klar på at han meiner Norge kan konkurrere godt med andre flaggstatar om dette.

– De fraktar fire millioner passasjerer hvert år. Bare det at dei er på båter kor det norske flagget vaier, er mer enn god nok grunn til å få dette til, seier Giske til TV 2.