paul_kristian_hovden (Foto: Per Christian Dyrø/TV 2)
paul_kristian_hovden (Foto: Per Christian Dyrø/TV 2)

Kommunane får meir - men ikkje nok

Den politiske leiinga i den største jordbrukskommunen i Møre og Romsdal, Ørsta, er ikkje imponert over årets statsbudsjett.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

– Auken i dei frie inntektene er akkurat nok til å dekke løns og prisveksten, seier varaordførar i Ørsta, Paul Kristian Hovden (KrF), til TV 2 Nyhetene.

Styrer mot underskot

Underskotet i sunnmørskommunen med 10.000 innbyggjarar kan kome over 10 millionar kroner i år. I årevis har budsjettet kome i hamn med oppsparte midlar, sal av eigedomar og kraftpengar, men no er sparebøssa tom.

– Vi klarer ikkje å innfri forventningane til folk om betre kommunale tenester når vi knapt har til dagleg drift. Dei frie inntektene er ikkje meir frie enn at mykje av det er oppbunde til samhandlingsreforma. Regjeringa styrer kva vi skal bruke dei frie inntektene til, seier varaordføraren som vikarierer i AP- ordføraren sitt sjukefråver.

Ap-styrt kommune

Arbeidarpartiet har nemleg ordføraren i Ørsta og politikarane vurderer no å legge ned barneskulen i Barstadvik, kutte drifta til ungdomshuset «Kaihuset» og å la vere å fylle bassenga med vatn.

– Alle tenester som ikkje er lovpålagde lever farleg når vi skal få budsjettet til å gå i hop, seier varaordførar Paul Kristian Hovden, som er skuffa over regjeringa.

–Vi hadde håpa på meir pengar, avsluttar han.