Georg Stokke montasje
Georg Stokke montasje

Starta suksessbedrift i krisetider

Georg Stokke satsa på møbler under finanskrisa på 30-talet. No er han skeptisk til regjeringa si krisepakke.

Bedriften som Stokke starta, er i dag er berømt for Tripp Trapp-stolen. I dag er han 97 år og blei omtala i sentralbanksjef Svein Gjedrem sin årstale. Bedrifta han starta er døme på at det er mogeleg å starte ny verksemd i krisetider.

Det er ikkje mange her i landet som kan seie «eg hugsar korleis det var for snart hundre år sidan», men det kan Georg Stokke. 97-åringen er imponerande klar og i full vigør når han tek imot TV 2 i heimen sin i Ålesund.

Tripp Trapp

- Eg sette pris på at sentralbanksjefen omtala Stokke i årstalen sin, men dagens krise kan ikkje direkte samanliknast med trettitalet, seier han.

Taklar kriser dårleg

Møbelveteranen meiner ein av utfordringane er at folk i dag er vane med ein langt høgare levestandard enn tilfellet var på trettitalet.

- I dag er folk vane med å vere her oppe, seier Stokke og held handa høgt for å vise kva han meiner. Og så går det rett ned – ned i kjellaren. Der vil dei ikkje vere i dag, og dei veit ikkje korleis det er. Han følgjer godt med på finanskrisa og les aviser to timar dagleg.

Skeptisk til krisepakkar

Georg Stokke forstår at regjeringa deler ut krisepakkar for å få fart på økonomien igjen, men han er skeptisk til om dei vil fungere.

- Regjeringa prøver å fjerne ein byll, men om du nøyer deg med å ta det som er synleg kan rota vere like vond, seier Stokke. Han trur utdanning og nytenking kan vise veg ut av krisa.

Marshall-hjelp

Etter andre verdskrigen fekk han gjennom Marshall-hjelpa mulegheit til å reise til USA for å lære korleis dei laga møblar der. Marshall- planen var amerikanarane sitt hjelpeprogram for Europa etter krigen, og dette fekk altså Stokke nytte av.

I USA fekk han sjå maskiner som effektiviserte møbelproduksjonen og som han fekk laga til Møller og Stokke som fabrikken heitte då.

Kan ikkje leve av fotball

- I den globale økonomien er avstanden kort mellom konfliktene, men det er det også mellom løysingane, seier Stokke som har tru på betre tider, men at det kan ta tid før det snur. Det er eit yrke han ikkje forstår seg på i den moderne økonomien og det er fotball.

- I dag skal alle bli fotballspelarar, og dei tener millionar. Vi kan då ikkje leve av å spele fotball, seier 97-åringen og ler godt.