pollen_550354i
pollen_550354i

Her er dagens pollenvarsel

Sjekk om det er pollen i luften der du bor.

Vind og vær er avgjerande for spreiinga av pollen og i enkelte tilfelle kan vinden føre med seg pollen fleire hundre kilometer, så hugs å sjekk vêret der du bur!

Bjørkeraklane gjer våren til ei vond tid for mange. (Foto: Wikimedia)
Bjørkeraklane gjer våren til ei vond tid for mange. (Foto: Wikimedia)


Or er i slekt med bjørka. I Noreg har vi to typar, Gråor og svartor. Mest or finn ein i Sør- og Vest-Norge. Hovudspreiing av orepollen føregår i mars.

Hassel likar seg godt i lågareliggande strøk sør for Lofoten.

Hassel blomstrar vanlegvis mellom februar og april, og samanfell som regel med hovudspreiinga av orepollen.

Bjørk er svært vanleg i store deler av Noreg.

Det finst hengebjørk, vanleg bjørk, fjellbjørk og dvergbjørk. Pollensesongen til bjørk i låglandet er frå byrjinga av mai til ut i juni. Bjørkepollenallergi er svært vanleg.

Gras finst det mange arter av, men størsteparten av desse er ganske like.

Blomstringstida for gras strekkjer seg over store deler av sumaren, med juli som den månaden der spreiinga er størst.

Burot veks ofte i vegkantar. I Norge er planta spesielt vanleg på Sørlandet, Austlandet og i Trøndelag. Den er mindre vanleg på Vestlandet, og finst ikkje i Nord-Noreg.

Burotsesongen avløyser gjerne graspollensesongen, med hovudspreiing frå midten av juli fram mot slutten av august.

Pollenvarslinga for Noreg er utarbeida og vert levert av Norges Astma- og Allergiforbund (http://www.naaf.no/pollen)