Hannah Jones kreftsyk britisk jente får lov til å dø
Hannah Jones kreftsyk britisk jente får lov til å dø

Hannah (13) får lov til å dø

Ho er 13 år og dødssjuk men vil heller døy heime enn å bli operert.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

- Det er anstrengande, eg klarer ikkje å gjere masse. Eg blir undersøkt av legar omtrent kvar tredje måned.

Hannah Jones har vore svært sjuk dei siste åtte åra. Då ho var fem, fekk ho leukemi. Seinare blei det oppdaga ein alvorlig hjertefeil.

- Eg må konstant ta medisinar. Det er tøft.

Transplantasjon

No er hjertet i ferd med å gi opp. Legane som har behandla Hannah, seier at hjertetransplantasjon er einaste utveg.

- Dei sa at uten ein hjertetransplantasjon så ville ho truleg døy i løpet av kort tid. Og då sa Hannah faktisk at ho ikkje ønskte ein hjertetransplantasjon. Og lege-teamet kom og snakka med ho. Men når ho er 13 år så har ho retten til å velje sjølv, og ho valde å ikkje ta ein hjertetransplantasjon.

Foreldrene valgte å støtte Hannah. Då gjekk sjukehuset rettens veg for å tvinge 13-åringen til å ta transplantasjonen. Det opprørte både Hannah og familien.

- Ho innsåg dei langsiktige konsekvensane av ein hjertetransplantasjon. Sjølv om mange av transplantasjonane gå bra, så er det andre som ikkje gjer det. Og ho har vore gjennom ufatteleg mykje gjennom dei siste åtte åra, og alt ho ønskte var å få reise heim, seier mora Kirsty Jones.

Har tatt valget

No har sjukehuset gitt opp. Hannah har klart å overbevise styresmaktene om at ho verkeleg ikkje vil ha transplantasjonen. Ho seier ho heller vil dø heime - med verdighet.

- Eg likar ikkje å ha det slik. Det er eg som må leve med det, slik er det bare, seier 13-åringen.