Hordaland

Sjekk hvilken art din kommune må ta vare på.


Velg din kommune i kartet over, eller les under - Velg nytt fylke

Bergen kommune - Ramsløkflue - Cheilosia fasciata - Tovinger
Ramsløkflue er knyttet til planten ramsløk, hvor larvene lever. Den lille fluen er ikke bare sjelden i Norge, hvor den kun finnes i et fåtall vestlandskommuner, men den er også meget sjelden i europeisk sammenheng. Den finnes ikke i noen av de andre skandinaviske landene, men er kjent fra noen få steder i Mellom-Europa. Den er funnet flere steder i Bergen kommune, og noen av disse stedene er direkte truet av utbygginger. Arten er derfor oppført som ”sterkt truet” i rødlista.

Etne kommune - Grå buktkrinslav - Hypotrachyna laevigata - Lav
På Sørvestlandet finst det ei gruppe med lavartar som har si hovedutbreiing i det atlantiske området av Afrika og Europa frå Kanariøyene til Rogaland/Hordaland. Fleire av desse ”regnskogsartane” er rekna som trua, m.a. grå buktkrinslav som er ”direkte trua” pga. hogst og tekniske inngrep. Arten veks på lauvtre og bergveggar i fuktig lauvskog, og har nokre lokalitetar m.a. i Etne kommune.

Sveio kommune - Dvergmarinøkkel - Botrychium simplex - Karplanter
Dvergmarinøkkel har hatt vel ti veksestader i Noreg, men i nyare tid er han funnen på berre seks av dei. Han er knytt til beitemark, kalkrike enger og tørrbakkar og er først og fremst sårbar for endringar i beitetrykket og gjengroing. Han er vurdert som "kritisk trua". Nordbø i Sveio har kanskje den mest talrike bestanden i Noreg etter kva vi kjenner til i dag. Planta er freda.

Bømlo kommune - Skjelporelav - Sticta canariensis - Lav
Skjelporelav er ein oseanisk regnskogsart som har sine nordlege utpostar på Sørvestlandet. Den veks på tre og steinar i frodig edellauvskog i strandsona f.eks på Spyssøya i Bømlo. I raudlista er skjelporelav oppført som ”sterkt trua” pga at den er utsett for m.a. utbygging i strandsona.

Stord kommune - Soleigro - Baldellia repens - Karplanter
Soleigro er ei vassplante som har vore kjend frå fire relativt næringsfattige vatn i kommunane Klepp, Stord og Tysnes. Dei alvorlegaste truslane omfattar gjødsling og alle typar vasstandsreguleringar, drenering og andre arealinngrep. Planten blir rekna som "sterkt trua". I Stord er han kjend frå Ådlandsvatnet og Tveitavatnet.

Fitjar kommune - Kystprikklav - Pseudocyphellaria norvegica - Lav
Kystprikklav er ein sørvestleg kystart i Noreg, som lever på bergveggar og lauvtre i urterik lauvskog, spesielt nære sjøen. I Fitjar finst denne store lavarten på ein lenge kjend lokalitet nær fergeleiet i Sandvikvågen. Kystprikklav er spesielt utsett for utbygging i strandsona og er oppført som ”sterkt trua” i raudlista.

Tysnes kommune - Grøngul vokssopp - Hygrocybe citrinovirens - Sopp
Grøngul vokssopp veks på ugjødsla naturbeitemark og er noko kalkkrevande. Den er nyleg funne på Skorpeneset i Tysnes, i eit område som blir beita av sau. Naturbeitemarkene er trua av gjengroing og for stor tilførsel av næring, så det er difor viktig at dei vert skjøtta på tradisjonell måte. Denne soppen er svært sjeldan og er berre funne fem gonger i Noreg. Grønngul vokssopp er ført opp som "sterkt trua" i raudlista.

Kvinnherad kommune - Sauevokssopp - Hygrocybe ovina - Sopp
Sauevokssoppen er ein typisk art for naturbeitemarker som er godt skjøtta og der beiting har pågått lenge. Det er gjort funn på Varaldsøy i Kvinnherad kommune. Naturbeitemarkene er utsett for gjengroing, gjødsling og dels nedbygging. Den beste måten å ta omsyn til denne sjeldne arten, er å halde fram med tradisjonell beitebruk. Sauevokssopp er ført opp som "sårbar" i raudlista.

Jondal kommune - Sørleg tinderublom - Draba cacuminum ssp. cacuminum - Karplanter
Sørleg tinderublom er på verdsbasis berre kjend frå vel tjue førekomstar; i Finse-området, Jotunheimen, Dovrefjell og Trollheimen. Han er knytt til fjelltoppar eller morener ved isbrear og er svært utsett for klimaendringar. Han er no vurdert som "sterkt trua". I Jondal veks han til dømes ved Vatnasetnuten.

Odda kommune - Søterot - Gentiana purpurea - Karplanter
Søterot vokser i Norge fra indre Agder nord til Gudbrandsdalen og Sogn med en utpostbestand i Sør-Trøndelag. Den er i hovedsak knyttet til fjellbjørkeskog, vierkratt og fjellenger. Røttene er blitt samlet til medisinsk bruk i alle fall siden 1500-tallet, og direkte innsamling er fortsatt en trusselfaktor mot arten lokalt. Den favoriseres av beiting (beitedyra spiser den ikke), men tåler dårlig gjengroing. Noen store bestander på Vestlandet har dessuten forsvunnet ved vannkraftutbygginger. Den er vurdert som "nær truet" i Norge. I Odda er den kommuneblomst og kjent fra en rekke ulike steder.

Ullensvang herad - Kystvortelav - Pertusaria multipuncta - Lav
Kystvortelav veks på lauvtre som selje, rogn, osp og hassel i fuktig lauvskog. Denne lavarten er oppført som "sårbar" i raudlista, og er utsett for mellom anna hogst. Kystvortelav finnes i mellom anna Utne i Ullensvang herad.

Eidfjord kommune - Dobbeltbekkasin - Gallinago media - Fugler
Dobbeltbekkasinen var tidlegare svært vanleg, og hekka over store delar av Skandinavia, også i låglandet. I dag finst den berre på fuktige og næringsrike stader i fjellet. I mai samlar fuglane seg på tradisjonelle spelplassar, som er viktige å ta vare på. Dobbeltbekkasinen lever for det meste av meitemark og er avhengig av passe våt og næringsrik mark. Den er trekkfugl og overvintrar i Afrika. Fuglen er oppført i raudlista som "nær trua".

Ulvik herad - Skjellrørsopp - Strobilomyces strobilaceus - Sopp
Den svært spesielle skjellrørsoppen veks i frodig, varm edellauvskog på Sør- og Vestlandet. Den er funnen under ti gonger i Noreg og flest funn er det gjort i Ulvik. Den er sårbar for alle typar inngrep i edellauvskogen den veks i. Når det vert utført rassikring av vegar er det viktig å ta omsyn til veksestadene til arten. På grunn av at den er så sjeldan er den ført opp som "kritisk trua" i raudlista.

Granvin herad - Mjuk brunpigg - Hydnellum compactum - Sopp
Mjuk brunpigg er ein hattsopp med pigga hattunderside. Den veks i frodig edellauvskog med eik og hassel og finst på Sørlandet og Vestlandet. Det nordlegaste kjente funnet i verda er i Granvin. Urdanes, der den er funnen, er freda som naturreservat, men andre stader kan edellauvskogane være trua av ulike typar utbygging og tekniske inngrep. Mjuk brunpigg er ført opp som "sårbar" i raudlista.

Voss kommune - Fakkeltvebladmose - Scapania apiculata - Moser
Fakkeltvebladmose er ein liten levermose som veks på død ved i fuktig skog. Den er funnen på mindre enn 20 stader i Noreg, blant anna på Kyrkjeteigane i Voss i 2002. Den er sårbar for uttørking og skogbruk, og er ført opp som "sårbar" i raudlista.

Kvam herad - Småasal - Sorbus subarranensis - Karplanter
Småasal er kjend frå om lag tjue spreidde bestandar i open skog og i skogkantar i Sør-Noreg. Dei beste førekomstane er truleg i Kvam. Arten finst berre i Noreg. Han er sårbar for flatehogst og utbyggingstiltak. Arten blir rekna som "nær trua" i Noreg.

Fusa kommune - Kongsbregne - Osmunda regalis - Karplanter
Denne staselege bregnen er kjend frå vel ti bestandar i Vest-Agder, Hordaland og Sogn og Fjordane. Han er kommuneblomen til Fusa og har gode førekomstar til dømes i Geitaknottheiane. Han er gjerne knytt til open furuskog og kan på nokre av veksestadene vere trua av ulike utbyggingstiltak. I dag er han rekna som "nær trua".

Samnanger kommune - Kvitryggspett - Dendrocopos leucotos - Fugler
Kvitryggspetten er framleis vanleg i store delar av Vestlandet og på Sørlandet, medan den for det meste er borte på det indre av Austlandet. Kvitryggspetten lever av insekter i morken ved, og er avhengig av at det er nok av det. Den er difor sterkt utsett på grunn av skogbruk og særleg treslagsskifte frå lauvskog og kystfuruskog til granplantingar. Kvitryggspetten er sterkt trua i nabolanda våre, og førekomstane på Vestlandet er av dei største i Vest-Europa. Arten er rekna som "nær trua".

Os kommune - Olivenfiltlav - Fuscopannaria mediterranea - Lav
Os kommune har førekomstar av den ”sårbare” olivenfiltlaven mellom anna i Skitnevågen på Røtinga og Lysøya. Arten har ei vid utbreiing i Noreg nord til Troms, men olivenfiltlaven sine strenge krav til fuktigheit og gamle tre gjer den spesielt utsett for hogst.

Austevoll kommune - "Skorpedogglav" - Diploicia canescens - Lav
"Skorpedogglav" har berre ein norsk veksestad, nemleg på kalkrike berg på Litla Karlsøy i Austevoll kommune. Der veks den i kulturlandskapet tett innpå bebyggelsen. Dei næraste veksestadene er i England og Skåne. Ein kan undre seg over slike isolerte førekomstar, og dei er viktige å bevare pga. at dei kan vere genetisk unike. Skorpedogglav er sårbar for gjengroing, tekniske inngrep og tilfeldige hendingar, og er difor rekna som ”kritisk trua” i Noreg.

Sund kommune - Oddsåtemose - Campylopus brevipilus - Moser
Oddsåtemose veks på bakken i kystlynghei. Han er kjend frå Viksøy i Sund, som er eitt av få nyare funn. Oddsåtemosen er sårbar for gjengroing i lyngheiane som følgje av opphør i beite og lyngbrenning, og er oppførd som "sårbar" i raudlista.

Fjell kommune - Kystsaltlav - Stereocaulon delisei - Lav
Fjell kommune har ein førekomst av kystsaltlav på Sotra. Arten veks på berg i hei og skog ved kysten, og er rekna som ”sårbar” i raudlista, mest pga. utbygging.

Askøy kommune - Kystskriftlav - Graphis elegans - Lav
Kystskriftlav vokser på ulike lauvtrær og kristtorn i kystområder. Den er regnet som ”sårbar” mest pga. at den vokser i områder nær kysten hvor det er stor utbyggingsaktivitet. Askøy har to kjente forekomster av denne lavarten, på rogn og bjørk ved Kvernavatnet og Askevatnet.

Vaksdal kommune - Kystskoddelav - Menegazzia subsimilis - Lav
Kystskoddelav har si hovedutbreiing i regnskogsområde i Afrika og Sør-Amerika. Noreg har nokre få nordlege utpost-bestandar av denne fuktigheitskrevande lauvskogsarten. Blant anna finst den ein stad i Vaksdal kommune, i Geitabottsberget, der den veks på ulike lauvtre. Arten er sårbar for utbygging og hogst. I Noreg er den oppført i raudlista som ”direkte trua”.

Modalen kommune - Kystmarikåpe - Alchemilla xanthochlora - Karplanter
Kystmarikåpe har ei sterkt vestleg utbreiing i Noreg med tyngdepunktet i Hordaland. Ho veks i beitemarker og langs veg- og åkerkantar og har vist kraftig tilbakegang på grunn av endringar i jordbruket og andre direkte arealendringar. Ho blir no rekna som "sårbar". I Modalen har ho vore kjend på to–tre stader, mellom anna i Straume.

Osterøy kommune - Grå tungemålar - Acasis appensata - Sommerfugler
Grå tungemålar er berre kjent frå to stader i Noreg; den eine er i Osterøy kommune. Dei norske funnstadene vert rekna å vere isolert frå andre europeiske funnstader. Denne sommarfuglen lever på strandveronika og trollbær, og i m.a. Sverige har ein sett at bestanden har gått tilbake. Ein reknar med at det kan skuldast gjengroing og kanskje også treslagsskifte (til gran). Arten er difor oppført i raudlista som "sterkt trua". Arten er ikkje gjenfunne på lenge, og det er behov for å undersøke arten sin status i kommunen.

Meland kommune - Praktlav - Cetrelia olivetorum - Lav
I Meland kommune veks praktlaven på berre ein lokalitet, på bergveggar og lauvtre i Revskard. Denne arten er oppført i raudlista som "sårbar" spesielt fordi den er utsett for gjengroing, utbygging i strandsona, og nokre stader for skogbruk.

Øygarden kommune - Hjortetunge - Asplenium scolopendrium - Karplanter
Hjortetunge har i Noreg ei vestleg utbreiing frå Kristiansand til Sunnfjord. Han er kjend frå over tretti veksestader, gjerne i skyggefulle bergsprekkar, men òg på ope berg ved havet. Han er vurdert som "sårbar". Den viktigaste trusselen er ulike utbyggingstiltak. Han er kommuneblom for Øygarden og veks til dømes på Skogsøya.

Radøy kommune - Gullprikklav - Pseudocyphellaria crocata - Lav
Gullprikklav høyrer til ei gruppe av regnskogsartar som veks i kystnær, fuktig skog i Noreg. Arten har sine hovudforekomstar i Midt-Noreg, med finst òg på Vestlandet. Samla sett har gullprikklaven gått så mykje attende at den reknast som ”sårbar”. Den tolererer dårleg moderne skogbruk. I Radøy er gullprikklav samla frå mellom Manger og Hallandsvatnet.

Lindås kommune - Gul buktkrinslav - Hypotrachyna sinuosa - Lav
Gul buktkrinslav er ein av fleire lav-artar som berre veks i sørvestlege delar av landet. Denne laven veks på m.a. ask, svartor og bjørk i lauvskog. Den er funne fleire gonger ved Helltveit i Lindås kommune, og dette er også den kjente verdsnordgrensa for arten. Gul buktkrinslav er sårbar for hogst og utbygging, og vert rekna som ”direkte trua” i Noreg.

Austrheim kommune - Kystblåfiltlav - Degelia atlantica - Lav
Kystblåfiltlav er ein vakker, ”sårbar” art som likar seg på lauvtre og bergveggar i kystnær lauvskog. I Noreg finst den berre på Vestlandet, og to av lokalitetane til arten ligg i Austrheim kommune. Arten er sårbar for hogst og utbygging i strandsona.

Fedje kommune - Vassrikse - Rallus aquaticus - Fugler
Vassriksa hekkar spreidd i områda rundt Oslofjorden, og i kyststrok nord til Trøndelag. Den har tilhald ved næringsrik våtmark, både ved brakkvatn og ved ferskvatn i låglandet, og helst der det veks takrøyr og annan frodig vegetasjon. Å ta vare på slike naturtypar vil vere dei viktigaste tiltaka for å bevare vassriksa. Fuglen er rekna som "sårbar".

Masfjorden kommune - Oter - Lutra lutra - Pattedyr
Oter er ein kystart. Han finst i Nord-Noreg og ned til Hordaland og spreier seg sakte sørover. Han er trua av miljøgifter, oljeutslepp, forsuring og drukning i fiskeoppdrett og fiskereiskapar. Oteren reknast som "sårbar".

Sjekk hvilken art din kommune må ta vare på. Velg ditt fylke:

Sogn
  og Fjordane Møre og Romsdal Nordland Troms Sør-Trondelag Hedmark Oppland Oslo Akershus Østfold Vestfold Buskerud Telemark Aust-Agder Vest-Agder Rogaland Hordaland Sogn og Fjordane Møre og Romsdal Sør-Trøndelag Nord-Trøndelag Nordland Troms Finnmark Østfold
Akershus
Oslo
Hedmark
Oppland
Buskerud
Vestfold
Telemark
Aust-Agder
Vest-Agder
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Sør-Trøndelag
Nord-Trøndelag
Nordland
Troms
Finnmark

KILDE: Miljøverndepartementet

Tilbake til hovedartikkel