Sogn og Fjordane

Sjekk hvilken art din kommune må ta vare på.


Velg din kommune i kartet over, eller les under - Velg nytt fylke

Flora kommune - Mosesildre - Saxifraga hypnoides - Karplanter
Mosesildre er viltveksande i fem bestandar frå tre kommunar i Sogn og Fjordane. Han veks på mosedekt rasmark og i bratte berg nær havnivået. Arten er elles ein vanleg hageplante som ofte forvillar seg. Som viltveksande har han inntil nyleg vore så pass lite kjend at han ikkje har vore rekna som trua, men med så lita totalutbreiing må han i alle fall reknast som "sårbar". Dei største førekomstane av arten finn vi truleg i Flora, særleg ved Kinnesundet.

Gulen kommune - Kranshinnelav - Leptogium burgessii - Lav
Gulen kommune har ein kjent lokalitet med kranshinnelav. Denne sørvestlege lavarten veks på stammar av lauvtre og mosedekte bergveggar. Kranshinnelav er oppført i raudlista som ”sårbar” pga. at lokalitetane gror igjen, styvingstre forsvinn (tre der greiner og lauv blei høsta til dyrefôr), og pga. hogst.

Solund kommune - Liten praktkrinslav - Parmotrema chinense - Lav
Liten praktkrinslav er ein sørleg art som veks på bergveggar og lauvtre. Førekomstene i Solund veks på berg på ein skoglaus holme. Denne laven er oppført i raudlista som ”sårbar” fordi den m.a. er utsett for gjengroing eller nedbygging av veksestadene.

Hyllestad kommune - Skjørbeger - Cladonia callosa - Lav
Skjørbeger er ein lavart med få funn i Noreg. Den er førebels kjent frå Bømlo, Sande, Flora, Hyllestad og Bodø. Hyllestad har kanskje dei største bestandane, ved Fossebrua ved Leirvik. Her veks den på fuktige bergveggar i furuskogen. Skjørbeger er ”direkte trua” pga. at det er så lite av den, og då kan tilfeldige hendingar som utviding av ein veg verke negativt inn på bestanden.

Høyanger kommune - Bleik kraterlav - Gyalecta flotowii - Lav
Bleik kraterlav er oppført som "sårbar” i raudlista. Den er ein av mange sjeldne artar som likar seg spesielt godt på eldgamle styva ask- eller almetre (tre der greiner og lauv blei hausta til dyrefôr). Arten er registrert fleire stader i Høyanger kommune.

Vik kommune - Sauevokssopp - Hygrocybe ovina - Sopp
Sauevokssoppen er ein typisk art for naturbeitemarker som er godt skjøtta og der beiting har pågått lenge. Det er nye funn frå Nystøl og Kolmilevollen i Vik. Naturbeitemarkene er utsett for gjengroing, gjødsling og til dels nedbygging. Den beste måten å bevare denne sjeldne arten på, er å halde fram med tradisjonell beitebruk. Sauevokssopp er ført opp som "sårbar" i raudlista.

Balestrand kommune - Pelskjuke - Inonotus hispidus - Sopp
Pelskjuke er ein ganske stor sopp som har ei spesiell utbreiing i Noreg. Arten finst nesten berre i eit avgrensa område ved midtre del av Sognefjorden. Den veks på stammen av særleg styva ask (asketre der greiner og lauv blei hausta til dyrefôr), men også andre lauvtreslag. Det vil etter kvart bli mindre med styvingstre ettersom lauvingsbruket har opphøyrt. Pelskjuke er oppført som "sterkt trua" i raudlista.

Leikanger kommune - Safranslørsopp - Cortinarius olearioides - Sopp
Safranslørsopp er ein okerfarga til safrangul hattsopp som veks i edellauvskog. Den er hovedsakleg knytta til hassel, men veks òg med lind. Den er funnen mellom anna ved Klyve og ved Horpa. Skogane den veks i er rike på raudlisteartar. Truslar kan vere flatehogst, treslagsskifte og utbygging. Safranslørsopp er oppført som "sårbar" i raudlista.

Sogndal kommune - Takfaks - Anisantha tectorum - Karplanter
Takfaks er ein art som delvis er kulturspreidd i Noreg i nyare tid, men som antakeleg er opphavleg viltveksande i rasmark og på tørrbakke og torvtak i eit lite område i Hordaland og Sogn og Fjordane. Endringar i beitetrykk og bortfall av svært mange torvtak har antakeleg ført til at arten har gått monaleg tilbake, og den er no vurdert som "sårbar". I Sogndal er den kjent frå fleire stader, til dømes ved Fatlabergi.

Aurland kommune - Austleg bloddråpesvermar - Zygaena osterodensis - Sommerfugler
Austleg bloddråpesvermar er i Noreg berre funnen på tre stader. Ein av desse er i Aurland. Den er og sjelden og lokal i heile Skandinavia. Namnet ”bloddråpesvermar” har den fått av dei vakre raude teikningane den har på vingane. Arten lever på planten gulskolm, og den er trua av omleggingar i jordbruket som fører til gjengroing eller overgjødsling av gamle blomsterenger. Arten er difor oppført i raudlista som "sterkt trua".

Lærdal kommune - "Praktoransjelav" - Caloplaca biatorina - Lav
"Praktoransjelav" veks på steile bergveggar som gjerne også er litt kalkrike. I Lærdal er den registrert ved Husum. Elles har den i Noreg to førekomstar i Hole kommune i Buskerud. Utbygging og andre tilfeldige hendingar truar denne ”kritisk trua” lavarten i Noreg.

Årdal kommune - Stammesigd - Dicranum viride - Moser
Stammesigd er ein mose som veks på stammar av lauvtre i edellauvskogar, og likar seg om skogen vert gamal med mykje daud ved. Han er sårbar for skogbruk, utbyggjing og forureining. I Årdal er han funnen på Hjelle i Utladalen, på ei lind som tidlegare har vorte styva (hausta greiner og lauv av til dyrefôr). Han står på Bernkonvensjonen si liste, er freda i Noreg, og er førd opp som "sårbar" i raudlista.

Luster kommune - Mnemosynesommarfugl - Parnassius mnemosyne - Sommerfugler
Mnemosynesommarfugl er ein stor iaugefallande sommarfugl, teikna i kvitt med mørke flekkar. Arten er berre kjent fra 12-15 stader på Nord-Vestlandet, m.a. frå Luster kommune, og er ein av dei få norske sommarfuglane som er freda. Arten lever på lerkespore i skoglysningar og enger, samt i rasmarker og bratte lier heilt opp til tregrensa. Arten er mellom anna trua av gjengroing av gammalt kulturlandskap, og er difor oppført i raudlista som "sårbar".

Askvoll kommune - Randprikklav - Pseudocyphellaria intricata - Lav
Randprikklav høyrer til ei gruppe artar som har sine hovedførekomstar i regnskogar. Karakteristisk nok er den sterkt knytt til fuktig lauvskog og skuggefulle bergveggar i dei mest kystnære delane av landet, spesielt i strandsona. Denne arten, som er oppført som "sårbar" i raudlista, er mest trua av gjengroing og utbygging. Frå Askvoll er den kjent frå ein lokalitet på Atløy.

Fjaler kommune - Åkerrikse - Crex crex - Fugler
Åkerriksa er vanskeleg å få auge på, men er lett kjenneleg på den gjennomtrengande låten. Den var tidlegare ein vanleg art i kulturlandskapet i Sør-Noreg og nord til Troms. Åkerriksebestanden har gått katastrofalt attende i etterkrigstida, og i dag er den "kritisk trua" her i landet. Tilbakegangen i Noreg, som elles i Europa, vert sett i sammenheng med mekaniseringa av jordbruket. Åkerriksa hekkar på grasmark (dyrkamark), seint på året, slik at reira ofte vert øydelagde eller ungane drept i slåtten. I Fjaler er fuglen registrert spelande dei seinare åra mellom anna på Furnes. Det er utarbeidd nasjonal handlingsplan for åkerriksa.

Gaular kommune - Olivenfiltlav - Fuscopannaria mediterranea - Lav
Gaular kommune har førekomstar av den ”sårbare” olivefiltlaven på seljetre i Osebotnen. Arten har ei vid utbreiing i Noreg nord til Troms, men arten sine strenge krav til fuktigheit og gamle tre gjer den spesielt utsett for hogst.

Jølster kommune - Kongeørn - Aquila chrysaetos - Fugler
Kongeørna hekkar i store delar av landet, også ute ved kysten. Den har tilhald i høgareliggande skogs- og fjellstrok, og den manglar i dei søraustlege delane av landet. Kongeørna har i dag ein stabil bestand her i landet. Men den er særs var for naturinngrep og for å verta uroa ved reiret, og den er framleis utsett for faunakriminalitet. Kongeørna er rekna som "nær trua".

Førde kommune - Almekolsopp - Hypoxylon vogesiacum - Sopp
Almekolsopp veks på alm i edellauvskog og i kulturlandskapet. Ofte er trea den veks på styva (hausta greiner og lauv av til dyrefôr). Almekolsopp kan vere sårbar for skogsdrift og på sikt òg almesjuke. Den er rekna som "sårbar" i raudlista. I Førde er soppen funnen ved Kussli og ved Mo.

Naustdal kommune - Bergfaks - Bromopsis ramosa - Karplanter
Bergfaks veks i Noreg i edellauvskog og på rasmark på kalkrik grunn frå Rogaland til Møre og Romsdal, og er kjent frå om lag 30 veksestader. Dei viktigaste truslane er treslagsskifte og andre arealendringar, men arten er verna i mange edellauvskogsreservat. Den er vurdert som "nær trua". I Naustdal er den berre kjent frå rasmark i Gryta.

Bremanger kommune - Vasshalemose - Isothecium holtii - Moser
Vasshalemose veks i tette matter i bekkekløfter, gjerne ved små fossar. Han formerar seg berre ved at delar brekk av og lagar nye planter. Arten er sårbar for forureining og uttørking, til dømes vassdragsregulering, og er oppførd som "sterkt trua" i raudlista. Vasshalemose er bland anna kjent frå Åskårselva i Bremanger.

Vågsøy kommune - Kystprikklav - Pseudocyphellaria norvegica - Lav
Kystprikklav er ein sørvestleg kystart i Noreg, som lever på bergveggar og lauvtre i urterik lauvskog, spesielt nære sjøen. I Vågsøy kommune finst denne store lavarten til dømes ved Torskangerpollen. Kystprikklav er spesielt utsett for utbygging i strandsona og er oppført som ”sterkt trua” i raudlista.

Selje kommune - Purpurmarihand - Dactylorhiza purpurella - Karplanter
Den vakre orkideen pupurmarihand har hatt ei relativt stor utbreiing i strandeng og næringsrik myr frå Rogaland til Sør-Trøndelag. Av eit 20-talls førekomstar veks den no berre på fem - seks av dei, og arten er vurdert som "sterkt trua". Tilbakegangen har nok mest samanheng med opphøyr av slått og beite, i nokre tilfelle også med utbyggingstiltak. I Selje er det gode førekomstar f.eks. i Ervika. Pupurmarihand er freda.

Eid kommune - Flikmelde - Atriplex prostrata ssp. calotheca - Karplanter
Flikmelde er knytta til tangvollar og er kjent frå spreidde førekomstar frå Østfold til Sogn og Fjordane. Mange av veksestadene har vorte rørt av ulike utbyggingstiltak i strandsona, og planten vert no rekna som sterkt trua. Førekomsten i Eid er den nest nordlegaste i Noreg.

Hornindal kommune - Blankstorkenebb - Geranium lucidum - Karplanter
Blankstorkenebb er knytta til skuggefulle bergveggar, gjerne i næringsrik skog. Den er utbreidd i kyststrok nord til Nordland, men har vist ein del tilbakegang dei seinere åra. Dei viktigaste truslane er nok flatehogst og treslagsskifte, men den er framleis berre vurdert som "nær trua". I Hornindal er den kjent frå urene i almeskogen nord for Øyane.

Gloppen kommune - Pusleblom - Anagallis minima - Karplanter
Den sjeldne planta pusleblom veks på strandenger og ved elveosar og i søkk på strandberg i kyststrøk frå Østfold til Sogn og Fjordane. Av om lag 120 kjende førekomstar veks han i dag berre på om lag ein tredjedel av desse, og arten blir no rekna som "sterkt trua". Dei viktigaste truslane gjeld endringar i beitetrykk og vassdragsreguleringar. I Gloppen er den om lag på nordgrensa si i Noreg, ved munningen av Breimselva.

Stryn kommune - Kjempeslørsopp - Cortinarius praestans - Sopp
Kjempeslørsopp er ein stor hattsopp som veks i kalkrik barskog og rik edellauvskog. I Stryn er den funnen ved Stolen og ved Sølvbergnausta. Arten vil vere sårbar for flatehogst og andre inngrep i skogane den veks i, og den er ført opp som "sårbar" i raudlista.

Sjekk hvilken art din kommune må ta vare på. Velg ditt fylke:

Sogn
  og Fjordane Møre og Romsdal Nordland Troms Sør-Trondelag Hedmark Oppland Oslo Akershus Østfold Vestfold Buskerud Telemark Aust-Agder Vest-Agder Rogaland Hordaland Sogn og Fjordane Møre og Romsdal Sør-Trøndelag Nord-Trøndelag Nordland Troms Finnmark Østfold
Akershus
Oslo
Hedmark
Oppland
Buskerud
Vestfold
Telemark
Aust-Agder
Vest-Agder
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Sør-Trøndelag
Nord-Trøndelag
Nordland
Troms
Finnmark

KILDE: Miljøverndepartementet

Tilbake til hovedartikkel