Spesielt veddemål fekk Samuel (14) til å svømme i over 11 timar: – Eg var nok litt eplekjekk

Onkelen ville sette nevøen på plass og utfordra han til ein ganske så lang svømmetur.

EPLEKJEKK START: Her starter svømmeturen, som ble behørig dokumentert underveis.

- Eg var nok litt eplekjekk, ler fjorten år gamle Samuel Sivertsen.Han møter TV 2 dagen etter svømmeturen gjennom Byfjorden i Bergen. Han fortel at forma er «litt» redusert etter gårsdagen.- Då eg kom inn til land, måtte mamma hjelpe meg inn i bilen, eg klarte ikkje å gå.Veddemål med onkelDet heile starta då han var på besøk i den nye leiligheita til onkelen sin på Måseskjæret i Bergen. Derfrå kunne Samuel sjå over til der han sjølv bur, på Frekhaug, og kommenter