Mykjåland ueinig i Sjögren-kritikken: – Ikkje så svart-kvitt

Kritikken har hagla mot tidlegare landslagstrenar Martin Sjögren den siste tida. Tidlegare landslagsspelar Lene Mykjåland meiner ein ikkje kan legge all ansvaret på han.

UEINIG: Lene Mykjåland meiner ein ikkje berre kan skulde på Martin Sjögren etter EM-fiaskoen. Foto: Terje Bendiksby / NTB Scanpix
UEINIG: Lene Mykjåland meiner ein ikkje berre kan skulde på Martin Sjögren etter EM-fiaskoen. Foto: Terje Bendiksby / NTB Scanpix

- Det har vore ei dårleg utvikling over lang tid, og det står ikkje på Sjögren det, tenker eg, seier tidlegare fotballspelar Lene Mykjåland.Martin Sjögren gjekk av som hovudtrenar for dei norske kvinnene tysdag. Både i forkant og etterkant av exit-en har fleire kritisert han for resultata under EM. Difor var nok ikkje mange overraska då nyhendinga kom om at avgangen var ein realitet.- Eg skjønner at mange ikkje var overraska på grunn av manglande resultat i EM, men det er ikkje