Vann EM-gull etter ei lite optimal oppkøyring: – Eit sjokk

21 år gamle Mathea Selebø vann EM-gull i motorcross for kvinner. I førekant av sesongen hadde ho ikkje trudd det.

EUROPAMEISTER: Mathea Selebø vart europameister i motorcross, sjølv etter ei lite optimal oppkøyring. Foto: Privat
EUROPAMEISTER: Mathea Selebø vart europameister i motorcross, sjølv etter ei lite optimal oppkøyring. Foto: Privat

I slutten av førre sesong var det ingenting som tyda på at Mathea Selebø skulle stå som europameister i motorcross neste sesong.- At det skjedde var eit sjokk eigentleg, seier Selebø.Éi veke før ho skulle køyre dei avsluttande rundane i VM i 2021, fekk ho skuldra ut av ledd og måtte operere. Men først skulle ho køyre to rundar med ei skulder som ikkje var heilt velfungerande.- Fysioterapeuten min sa at det verste som kunne skje var at den hoppa ut igjen. Eg klarte å ta ei