Likte ikkje langturar – skal gå Noreg på langs

Kevin Ramsfjell sin sommarferie er litt utanom det vanlege. Han skal nemleg slå verdsrekorden ved å gå Noreg på langs på rulleski.

SOMMARFERIETUR: 16. juli skal Kevin Ramsfjell starte på den 2600 kilometer lange turen frå Nordkapp til Lindesnes. Foto: Harald Christian Eiken
SOMMARFERIETUR: 16. juli skal Kevin Ramsfjell starte på den 2600 kilometer lange turen frå Nordkapp til Lindesnes. Foto: Harald Christian Eiken

- Eg fekk ideen ut av det blå, og klarte ikkje leggje den heilt frå meg. Eg snakka med faren min, og han sa «dette får vi til», og så var vi i gong, seier Kevin Ramsfjell.22-åringen frå Ålgård i Rogaland, skal i sommar forsøke å slå verdsrekorden i Noreg på langs, på rulleski. Den tidlegare verdsrekorden er på 21 dagar.- Då eg kom på ideen sjekka eg opp dei ulike rekordane. Både løp og sykkel har gode rekordar, men rulleskirekorden har forbetringspotensial. Om eg gjer alt så for