BESØK: Ingrid Bjørke Eriksen (t.h.) fekk besøk av president i NFF, Lise Klaveness, på Tine Fotballskule tysdag. Foto: Marte Christensen
BESØK: Ingrid Bjørke Eriksen (t.h.) fekk besøk av president i NFF, Lise Klaveness, på Tine Fotballskule tysdag. Foto: Marte Christensen

Fekk spele kamp mot fotballpresidenten: – Veldig gøy!

Korsvoll IL fekk besøk av fotballpresident, Lise Klaveness, og konsernsjef i Tine, Gunnar Hovland, i anledning Tine Fotballskule sin 25-årsdag.

Tine Fotballskule har blitt arrangert sommar etter sommar i 25 år. Ein av klubbane som har vore med lengst er Korsvoll IL i Oslo.

Tysdag fekk fotballskulen besøk av presidenten i NFF, Lise Klaveness, og konsernsjef i Tine, Gunnar Hovland. Dei fekk testa fotballferdigheitene sine mot ungane på fotballskulen.

– Eg må nok innrømme at talentet er betydeleg dårlegare enn iveren og stå-på-vilja, men det var utruleg morosamt å spele, seier Hovland, som stakk av med siger over Klaveness sitt lag.

Variert nivå

– Det var veldig gøy å spele, sjølv om vi blei knust, seier Klaveness.

– Var det nokre framtidige fotballtalent på bana?

– Ja, verkeleg! Ikkje framtidige ein gong. Fleire var gode no, men konkurransepresset skal vere lågt. Det skal ikkje vere slik at dei som ikkje har spelt mykje fotball, føler seg utanfor her. På bana var det eit variert nivå, slik det skal vere, seier ho.

Ingrid Bjørke Eriksen var ein av ungane som fekk spele på lag med fotballpresidenten.

– Ho sentra ganske mange pasningar til meg, og heia veldig på meg. Det var hyggeleg, seier ho.

RUNDSPELT: Både konsernsjef i Tine, Gunnar Hovland, og fotballpresident Lise Klaveness, fortel at dei blei rundspelt av ungane på fotballskulen. Foto: Marte Christensen
RUNDSPELT: Både konsernsjef i Tine, Gunnar Hovland, og fotballpresident Lise Klaveness, fortel at dei blei rundspelt av ungane på fotballskulen. Foto: Marte Christensen

Mange deltakarar

1,5 millionar barn og unge har deltatt på Tine Fotballskule sidan oppstarten.

– Eg trur fotballskulen har vore med på å inspirere til meir fotball. År etter år er det mange som deltar, og det viser at konseptet er fantastisk, seier André Paulsen, fagansvarleg for Tine Fotballskule i NFF.

Klaveness ser også viktigheita med fotballskulen:

– Vi veit at det har vore ein del av barndommen og utviklinga til dei som har hatt fotball som leik, og dei som har blitt aller best, seier ho.

FORNØGD: André Paulsen, fagansvarleg for Tine Fotballskule i NFF, fortel at han er fornøgd med modellen til fotballskulen. Foto: Marte Christensen
FORNØGD: André Paulsen, fagansvarleg for Tine Fotballskule i NFF, fortel at han er fornøgd med modellen til fotballskulen. Foto: Marte Christensen

– Fekk dyrke draumen om å bli fotballproff

Både Ada Hegerberg og Kristian Thorstvedt er blant mange kjende fotballspelarar som deltok på Tine Fotballskule som unge.

– Tine Fotballskule er ein fantastisk moglegheit for alle fotball-lidenskaplege til å delta, lære og ha det gøy, uansett kven dei er og kvar dei kjem frå, seier Hegerberg.

Det seier Thorstvedt seg einig i:

– Eg var sjølv med på Tine Fotballskule som liten, og har berre gode minner derifrå. Det var både morosamt og lærerikt, samtidig som eg fekk dyrke draumen om å bli fotballproff, seier Thorstvedt.

DELTAKAR: Ada Hegerberg har sjølv vore deltakar på Tine Fotballskule. Foto: Kristin Grønning
DELTAKAR: Ada Hegerberg har sjølv vore deltakar på Tine Fotballskule. Foto: Kristin Grønning
DYRKA DRAUMEN: På Tine Fotballskule fekk Kristian Thorstvedt dyrke draumen om å bli fotballproff. Foto: Rudi Jakobsen
DYRKA DRAUMEN: På Tine Fotballskule fekk Kristian Thorstvedt dyrke draumen om å bli fotballproff. Foto: Rudi Jakobsen