GLOHEIT HYTTEMARKNAD: Hytter som denne er svært populære blant nordmenn som ønskjer å kjøpe hytte no. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2
GLOHEIT HYTTEMARKNAD: Hytter som denne er svært populære blant nordmenn som ønskjer å kjøpe hytte no. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2

Kraftig vekst i hytteprisar: – Det er selgars marknad

Hytteprisane har stige kraftig i første halvår av 2022. Det håpar Tord Glaser å dra nytte av.

– Det er mange gode minner herifrå, seier Tord Glaser, medan han står på ei heimesnekra brygge og ser utover den idylliske sjøtomta han enn så lenge eig.

Etter sju år, skal han nemleg selje hytta si, som ligg heilt i sjøkanten i Bjørnafjorden kommune på vestlandet.

HÅPAR PÅ SAL: Tord Glaser sel hytta si i ein gloheit hyttemarknad. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2
HÅPAR PÅ SAL: Tord Glaser sel hytta si i ein gloheit hyttemarknad. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2

Hytter av denne sort, er svært attraktive på hyttemarknaden, og er den typen hytte som har hatt høgast prisvekst så langt i år.

ATTRAKTIVT: Hytter ved sjøen er svært attraktive, og har høg prisvekst. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2
ATTRAKTIVT: Hytter ved sjøen er svært attraktive, og har høg prisvekst. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2

Kraftig prisvekst

Prisen på fritidsbustader har berre halde fram med å auke. I første halvår i 2022, har hytteprisane stige med heile 15,6 prosent. Prisveksten har vore særleg høg for sjøhytter, som har stige med heile 19 prosent.

– Det er definintivt selgars marknad no, seier Henning Lauridsen, administrerande direktør i Eiendom Norge.

– SELGERS MARKED: Henning Lauridsen, administrerende direktør i Eiendom Norge. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
– SELGERS MARKED: Henning Lauridsen, administrerende direktør i Eiendom Norge. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Han seier han er overraska over at prisveksten i første halvår av 2022, overgår pandemi-året 2021.

– Det er sterkare enn me hadde sett føre oss. Me hadde venta ei utflating no når folk igjen kan reise utanlands og ikkje treng reise på hytta, samstundes som det blir varsla renteauke.

Han trur likevel prisveksten vil stogge, etter kvart som renta er venta å stige.

– Me ser ofte at renta byrjar å virke tidlegare på hyttemarknaden enn på den ordinære bustadmarknaden. Det trur eg me kjem til å sjå framover og.

Færre hytter blir selde

Samstundes har salsvolument falt kraftig, med ein nedgang på 32 prosent samanlikna med første halvår i 2021.

Segmentsjef for Hyttemarked i DNB, Tone Krange, trur nedgangen i volum er eit teikn på at hyttemarknaden normaliserer seg etter pandemien.

– Det har vore to år med ein veldig spesiell situasjon på hyttemarknaden. Alt som ein kunne selje, blei seldt. Det ser ut som at det no byrjar å normalisere seg, seier Krange.

FÆRRE SEL: Salsvolumet har gått ned i år, samstundes som prisane har stige. Tord held hytta klar til visningnar, i håp om å få selt hytta til ein god pris i løpet av sommaren. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2

Snittprisen på ein norsk fritidsbustad ligg no på 3,35 millionar kroner. Med prisauken på ei rekke varer og tenester elles i samfunnet, meiner Krange det blir spennande å følgje med på prisveksten på nye prosjekt framover.

– Eg vil seie du kan framleis få rimelege hytter under snittprisen, men det som er spennande no er å følgje med på nybyggprisane og prosjekt som er planlagt, i forhold til auken i prisar på til dømes materiale og transport, seier Krange i DNB.

SUP: Tord har dratt god nytte av den korte vegen mellom boden og sjøen, når han eller barna legg ut på ein tur på padlebrett. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2
SUP: Tord har dratt god nytte av den korte vegen mellom boden og sjøen, når han eller barna legg ut på ein tur på padlebrett. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2

Kryssar fingrane

Tilbake i Bjørnafjorden, håpar Tord han vil dra nytte av den høge prisveksten, men så langt har han ikkje fått napp.

– Det har vore mange interessenter og nokre bud, men ingen til høg nok pris, seier Tord.

Dersom han ikkje får prisen han ønskjer, vil han utsetje salet til neste år.

– Då får me behalde hytta eitt år til, bruke ho sjølv og leige ho ut når me ikkje er her. Det går fint det og, seier Tord.

VEMODIG: Det er ikkje bare kjekt å skulle selge hytta. Her leikar Tord med nabo-hunden Bella. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2
VEMODIG: Det er ikkje bare kjekt å skulle selge hytta. Her leikar Tord med nabo-hunden Bella. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2