Fleire kvinnelege trenarar enn før: – Ganske spesielt

Tine Fotballskule har sparka i gong for sommaren. På Voldsløkka i Oslo registrerer dei ein gledeleg trend blant trenarane.

I løpet av dei 25 åra Tine Fotballskule har blitt arrangert, har det aldri før vore fleire kvinnelege trenarar enn i år.- Eg synest det er veldig gøy, og eg ser at det er mykje koselegare for dei små jentene som spelar, at det ikkje berre er gutetrenarar, seier trenar på fotballskulen, Leona Bygi Øyen.Då Øyen var trenar på same skule i fjor, var ho den einaste jenta. I år er det langt fleire. Av 24 trenarar på fotballskulen på Sagene, er elleve av dei jenter.Førebilete b