Aksel (16) kan ikkje lenger gå – trur det skuldast vaksinen

Aksel blei sjuk etter at han tok vaksinen for 8 månader sidan. No er han totalt pleietrengande. Legane kan ikkje slå fast om det er vaksinen som er årsaka, men familien er overbevist.

STORE PLAGAR: 16 år gamle Aksel bur i Fjaler i Vestland. Han er blitt gradvis sjukare og sjukare sidan i fjor haust. Han og familien er overbevist om at det skuldast vaksinen, som blei tatt to dagar før han byrja bli dårleg. Foto: Tor Henning Flaatten / TV 2

16 år gamle Aksel skal berre flytte seg frå stova og ut på kjøkkenet.Det er så vidt han får beina med seg når han flyttar seg frå stolen og over i rullestolen. Svetten renn, og pusten er tung.- Berre det å reise meg krev mykje energi, seier Aksel.Slik har det ikkje alltid vore. For 9 månader sidan var han ein frisk og rask gut som sykla til skulen og tilbrakte mykje tid med vener.I september tok han første dose av Pfizer-vaksinen mot korona, og to dagar seinare end