STORE PLAGAR: 16 år gamle Aksel bur i Fjaler i Vestland. Han er blitt gradvis sjukare og sjukare sidan i fjor haust. Han og familien er overbevist om at det skuldast vaksinen, som blei tatt to dagar før han byrja bli dårleg. Foto: Tor Henning Flaatten / TV 2

Aksel (16) kan ikkje lenger gå – trur det skuldast vaksinen

Aksel blei sjuk etter at han tok vaksinen for 8 månader sidan. No er han totalt pleietrengande. Legane kan ikkje slå fast om det er vaksinen som er årsaka, men familien er overbevist.

16 år gamle Aksel skal berre flytte seg frå stova og ut på kjøkkenet.

Det er så vidt han får beina med seg når han flyttar seg frå stolen og over i rullestolen. Svetten renn, og pusten er tung.

– Berre det å reise meg krev mykje energi, seier Aksel.

Slik har det ikkje alltid vore. For 9 månader sidan var han ein frisk og rask gut som sykla til skulen og tilbrakte mykje tid med vener.

I september tok han første dose av Pfizer-vaksinen mot korona, og to dagar seinare endra alt seg.

Det var avisa Firda som først omtalte saka.

BLEI SJUK: Aksel var inn og ut av sjukehus fleire gongar etter at han blei sjuk i september i fjor. Foto: Privat
BLEI SJUK: Aksel var inn og ut av sjukehus fleire gongar etter at han blei sjuk i september i fjor. Foto: Privat

Tilstanden blei verre

Det heile starta to dagar etter at Aksel tok vaksinen. Først fekk han influensasymptom og blei utruleg trøytt. Tilstanden gjekk ikkje over.

I fleire veker gjorde ikkje Aksel anna enn å sove heile dagen, men blei aldri utkvilt. Han blei var for både lys og lyd, og han orka ikkje ein gong spele data.

Ein dag merka han at høgre auge hadde sige. Etter kvart seig også venstre. Då var det rett på legevakta.

Aksel blei sendt til augelege, barnelege og til slutt til nevrologisk avdeling.

– Eg endte til slutt opp på sjukehus. Eg blei gradvis verre og verre. Eg måtte gjere mange vonde undersøkingar. Eg håpte berre at eg ein dag ville vakne og vere frisk, men det skjedde ikkje.

SOLBRILLER PÅ: Aksel går alltid med solbriller, sjølv når han er inne. Det må han fordi det skarpe dagslyset gjer vondt. Foto: Tor Henning Flaatten / TV 2
SOLBRILLER PÅ: Aksel går alltid med solbriller, sjølv når han er inne. Det må han fordi det skarpe dagslyset gjer vondt. Foto: Tor Henning Flaatten / TV 2

Kvardagen snudd på hovudet

Aksel vart sendt inn og ut av sjukehus, og blei sett på ulike behandlingar som ikkje fungerte. Etter kvart klarte han ikkje lenger gå, men legane kunne ikkje seie noko om kva som var årsaka.

Aksel blei sendt heim til familien i Fjaler. Der prøvde han å leve så normalt som råd, men kvardagen var snudd på hovudet.

Han brukte ein time på å gå i trappa frå rommet hans i første etasje, til stova og kjøkkenet i andre etasje. Han trengte hjelp til å gå på do og til å lage seg mat.

Han gjekk til fysioterapi og ergoterapi to gongar i veka.

Ei stund såg det ut til å hjelpe. Aksel blei bedre. Men i mars i år blei tilstanden på ny forverra, og Aksel rykte tilbake til start.

– Bare det å reise seg krever mye energi

– Det er grusomt. Eg er heilt avhengig av mamma og pappa. Eg vil ha fridomen min tilbake, seier Aksel.

STØTTE: Aksel får god støtte av far Terje. Han er heilt avhengig av nokon å lene seg på når han skal bevege seg frå A til B. Foto: Tor Henning Flaatten / TV 2
STØTTE: Aksel får god støtte av far Terje. Han er heilt avhengig av nokon å lene seg på når han skal bevege seg frå A til B. Foto: Tor Henning Flaatten / TV 2

Uviss grunn

Legane kan ikkje slå fast om det er vaksinen som har gjort Aksel sjuk.

– Det er veldig vanskeleg å seie om dette har ein samanheng med vaksinen eller ikkje. Det er ikkje lett å finne ut av det heller, viss ein ikkje har ein klar sjukdomsmekanisme, seier Preben Aavitsland, overlege i Folkehelseinstituttet.

Til avisa Firda skriv ein av overlegane som har behandla Aksel følgande:

«Sett vekk frå den klare tidsmessige samanhengen har vi ikkje gjort andre funn som sannsynleggjer at symptoma er utløyst av vaksinen.»

Likevel har mor til Aksel vanskar for å tru at det kan vere ein annan grunn.

– Det er noko av det verste ei mor eller ein far kan oppleve; å sjå ungen sin fallere på 10 veker, frå å vere ein frisk og sunn ungdom til å vere totalt pleietrengande, seier Ida Ravnøy Fretland.

– Men kan det ikkje tenkast at det er ein annan årsak?

– Det kan det sikkert, men med tanke på den korte tida som er gått frå stikket er tatt, til guten vår er blitt så sjuk, så verkar det jo som å vere ein klar samanheng, seier mora, som ikkje lenger tør å vaksinere dei andre barna hennar.

KØYRETUR: Aksel har soverom i kjellaren, men klarar ikkje lenger gå i trapper. Då må dei bruke bakken utanfor huset, for å bevege seg mellom dei to etasjane i huset. Foto: Tor Henning Flaatten / TV 2
KØYRETUR: Aksel har soverom i kjellaren, men klarar ikkje lenger gå i trapper. Då må dei bruke bakken utanfor huset, for å bevege seg mellom dei to etasjane i huset. Foto: Tor Henning Flaatten / TV 2

Saknar meir oppfølging

Det har vore eit tungt møte med helsevesenet og byråkratiet, seier Fretland.

Dei opplever at dei har vore ein kasteball i systemet, som blir sendt mellom fastlegen, spesialisthelsetenesta og kommunen.

– Det har vore nokre knalltøffe månader for alle oss i familien.

Med tre andre barn i hus er det vanskeleg å få kvardagen til å gå rundt.

– Kvardagen går ikkje rundt i det heile tatt. Me stuper i seng kl 2 på natta med dårleg samvit for alt me ikkje har fått gjort.

Familien har fått livet snudd på hovudet etter at Aksel blei sjuk. Foto: Tor Henning Flaatten / TV 2
Familien har fått livet snudd på hovudet etter at Aksel blei sjuk. Foto: Tor Henning Flaatten / TV 2

Verken Helse Førde eller Pfizer/Biontech hadde høve til å stille til intervju i denne saka.

Vel å ha trua

Aksel er 16 år og har heile livet framfor seg.

Han starta på vidaregåande skule i fjor haust, men fekk berre gått i to veker før han blei sjuk.

No går han berre på skulen eit par timar i veka. Det er alt han orkar.

– Eg saknar skulen. Til og med matte, seier Aksel.

Han legg ikkje skjul på at kvardagen er tung. Likevel vel han å vere ved godt mot.

– Alt eg vil er å bli frisk. Eg veit ikkje om eg blir det, men eg må jo ha trua. Eg er berre 16 år. Det er mykje eg har lyst å oppleve.

DATA: Aksel er glad i å spele data, men klarar ikkje sitte så lenge før han tar pause. Far held han med selskap. Foto: Tor Henning Flaatten / TV 2
DATA: Aksel er glad i å spele data, men klarar ikkje sitte så lenge før han tar pause. Far held han med selskap. Foto: Tor Henning Flaatten / TV 2

Relatert