BEKYMRA: Politiet i Ålesund slår alarm om ungdomsvald i kommuna. Dei er bekymra for utviklinga. Foto: Per Christian Dyrø / TV 2
BEKYMRA: Politiet i Ålesund slår alarm om ungdomsvald i kommuna. Dei er bekymra for utviklinga. Foto: Per Christian Dyrø / TV 2

Etterforsker ungdomsvald i Ålesund:
– Dei har gått langt over streken

17. mai gjekk fleire personar under 18 år til åtak på to ungdommar i Ålesund sentrum. Ein av dei som vart utsett for angrep, vart slått med ei glassflaske i bakhovudet. Politiet seier saka har høg prioritet.

17. mai vart to ungdomar utsett for vald i Ålesund sentrum under nasjonaldagsfeiringa. Ein av dei fekk eit slag i hovudet med ei glassflaske.

Når ein venn prøvde å gripe inn for å stanse tumultane, vart også den personen slått ned.

Dei som gjekk til angrep på dei to ungdomane var alle under 18 år. Det bekymrar politiet i Ålesund.

Ikkje overraska over eskalering

– Vi kan bekrefte at det 17. mai var ei svært alvorleg valdshending i Ålesund sentrum. Det er snakk om kroppsskade der ungdom angrip ungdom.

Det seier politistasjonssjef ved Ålesund politistasjon, Oddbjørn Solheim, til TV 2 .

Solheim seier at ungdomane som politiet no kartlegg og mistenker kan ha noko med hendinga å gjere, alle er ungdom i aldersspennet 15 til 17 år.

Han seier at det som hendte 17. mai er det siste i ei rekke av liknande hendingar og åtak utført av personar som er under 18 år.

Politistasjonssjefen forsikrar om at politiet har god kjennskap til dei som står bak valdshendinga.

– Vi tek det på største alvor, men vi er dessverre ikkje overraska over at situasjonen eskalerar, seier Solheim.

– Dette er ungdom som er kartlagt over tid og som har hatt ulike utfordringar over tid. Men denne gongen har dei gått langt over streken, legg han til.

Fekk glassflaske knust i bakhovudet

TV 2 har snakka med ein person som fekk med seg angrepet under nasjonaldagsfeiringa.

Personen ynskjer å vere anonym, men TV 2 kjenner til vedkomandes identitet.

Personen fortel til TV 2 at det heilt overraskande kom ein gjeng som byrja å gå til åtak på dei to ungdomane i Ålesund sentrum.

Han stadfestar at ein av ungdomane som vart utsett for angrep, skal ha fått eit slag i bakhovudet med ei glassflaske. Flaska knuste og vedkomande fell til bakken.

Gjengen skal vidare ha teke tak i ungdomen og slengt vedkomande inn i ei jernstang.

– Etter ei stund var det nokre som kom til for å hjelpe i situasjonen og det var nok til at dei fekk lagt på sprang oppover ein bakke for å kome seg unna, seier personen TV 2 har snakka med.

Politiet etterforskar ei alvorleg valdshending mellom ungdom i Ålesund. Foto: Per Christian Dyrø / TV 2
Politiet etterforskar ei alvorleg valdshending mellom ungdom i Ålesund. Foto: Per Christian Dyrø / TV 2

Medan ungdomane la på sprang for å kome seg vekk, skal dei ha fått trugsmål ropt etter seg.

Det som hendte 17. mai har også gjort at dei som fekk med seg situasjonen føler på redsle.

– Eg har so vidt høyrt om desse ungdomane før. Men ikkje sett noko til at dei har gått til åtak på tilfeldige folk før no, seier vedkomande.

Politistasjonssjefen seier handlingane er uakseptable.

– Grov vald i Ålesund vil vi ikkje ha og dette kjem til å få konsekvensar for dei som har gjort det. Ålesund er, og skal framleis vere, ein trygg by å bu og opphalde seg i.

– Kva straffesanksjonar kan vere aktuelle i ein slik sak?

– Det skal sjølvsagt gå igjennom domstolsapparatet og det er snakk om unge folk, so eg skal ikkje forgripe noko. Men kroppsskade er ei alvorleg, straffbar handling som får konsekvensar.

Ber folk roe ned

Etter åtaket 17. mai har det versert fleire innlegg på diverse sosiale media som politistasjonssjefen fryktar kan vere med å skape ei djup konflikt.

Han meiner folk må forhalde seg roleg og la politiet få gjere jobben sin. Det verste som kan skje er at folk tek saka i eigne hender.

– Ein må ikkje byrje å piske opp ei stemning som gjere at ein byrjar å gå i konfrontasjon med kvarandre eller at folk har eigne represaliar.

– Denne valdssaka er djupt alvorleg. Då er det viktig å la politiet få gjere jobben sin.

Har fått besøksforbod mot ei skuleklasse

I ein annan sak som gjeld ungdomsvald er TV 2 er kjend med at ein elev ved ein skule i Ålesund kommune har fått besøksforbod frå politiet.

Årsaka til at eleven har fått forbodet har ikkje direkte involvering med saka frå 17. mai, men er ei sak knytt til ungdomsvald.

Politistasjonssjefen bekreftar at dei har vore nøydd å bruke eit slik tiltak i ein sak den siste tida.

– Besøksforbod er eit av verktøya vi bruker. Det er eit verktøy knytt ganske direkte til den som får forbodet.

Relatert