No vert det nok ein gong produksjon på Melkøya i Hammerfest. Foto: Nils Ole Refvik
No vert det nok ein gong produksjon på Melkøya i Hammerfest. Foto: Nils Ole Refvik

Equinor opner opp att Melkøya-anlegget 17. mai

På nasjonaldagen kjem Equinor til å opne opp att sitt anlegg på Melkøya i Hammerfest. Det betyr at Europa kan førebu seg på ei betraktelig auke i norsk gasseksport.

Equinors anlegg på Melkøya i Hammerfest byrja i september 2020 å brenne og har siden det vore stengt. Den gongen estimerte Equinor sjølve at det ville ta minst 12 måneder før anlegget kunne opnast att.

Har vorte utsett fleire gonger

No er det klart at anlegget skal opne opp att komande tysdag, rettare sagt på sjølvaste 17. mai. Over halvanna år etter brannen.

Re-opninga av anlegget har fleire gonger blitt utsett av ulike årsaker. Sist kom nyheita i januar i år frå Equinor at dei nok ein gong kom til å utsette oppstarten. Då frå 31. mars til 17. mai.

Årsaka den gong var dei strenge koronarestriksjonane som framleis var høgst aktuelle i Noreg.

Brann i produksjonsanleggene på Melkøya utenfor Hammerfest. Foto: Bjarne Haldorsen/NTB
Brann i produksjonsanleggene på Melkøya utenfor Hammerfest. Foto: Bjarne Haldorsen/NTB

Konsernsjef i Equinor, Anders Opedal, sa til Teknisk Ukeblad i byrjinga av mai månad at dei no låg i rute for å kunne starte opp att anlegget no i mai.

I ein SMS til TV 2 skriv kommunikasjonsavdelinga i Equinor at dei no er i rute for å kunne starte opp att produksjonen komande tysdag.

Ein massiv jobb opp mot oppstart

Etter den omfattande brannen som hendte i turbinanlegget har over 20.000 ulike komponentar vorte sjekka og over 180 kilometer med elektriske kablar har blitt erstatta.

Det skriv nettsida Montel News. Dei følgje nyheiter i den europeiske energimarknaden.

Melkøya-anlegget har dagleg hatt rundt 1000 tilsette i sving for å få anlegget tilbake til normal standard og drift.

Meir gass til energimarknaden

For ein hardt pressa europeisk energimarknad er oppstarten gode nyheiter.

Etter Russlands invasjon av Ukraina har fleire europeiske nasjonar prøvd å finne alternative løysinger for å kome seg vekk frå russisk olje og gass.

Dette kan no oppstarten av Melkøya-anlegget bidra til.

Anlegget på Melkøya mottek og prosesserar naturgass som kjem inn frå Snøhvitfeltet i Barentshavet.

Etter å ha prosessert gassen, vert den kjølt ned på landanlegget til flytande naturgass, før den vert frakta vidare med båt.

Tidlegare i år vart det estimert at brannen på anlegget kan ha kosta so mykje som opp mot 20 milliardar norske kroner.

Relatert