Norsk helsepolitikk er ikke som Taliban eller Sovjetunionen, Hoksrud!

Bård Hoksrud har rørt kraftig i gryten sin.

Dette er et svar på Bård Hoksruds kronikk på TV2.no 6.mai. (Journ.anm)

Å samanlikne norsk helsepolitikk med Sovjet og Taliban, burde Bård Hoksrud halde seg for god til.

Det ofra under desse regima har opplevd, har ingen samanheng med avgifter, tilrådingar og merking av varer.

Hoksrud trekk fram fleire såkalla utfordringar, som han meiner at me i Senterpartiet og Arbeidarpartiet ønsker å gjere noko med.

Forbod av Paracet, innføring av sukkeravgift, merking av alkoholhaldige varer og å fjerna fritt behandlingsval er noko av det Hoksrud rører saman i gryta si, før han konkluderer med at det berre er han som kan ta vare på menneska sine frie val.

Se debatten mellom Hoksrud og Klungdal øverst i videovinduet.

BUTIKK OG/ELLER APOTEK: Hvor Paracet skal kunne kjøpes, er en del av stridens kjerne. Foto: Morten Leander Kristoffersen / TV 2
BUTIKK OG/ELLER APOTEK: Hvor Paracet skal kunne kjøpes, er en del av stridens kjerne. Foto: Morten Leander Kristoffersen / TV 2

Me i Senterpartiet er tilhengarar av eit sterkt offentleg helsevesen og at det leggast rammar for legemiddel som fører til riktig bruk, og at misbruk unngåas.

Eg kan her og nå avkrefta at norsk helsepolitikk har noko med Sovjet og Taliban å gjera, og eg kan avkrefta at me vil ta frå folk den frie vilja.

– Regjeringen innskrenker friheten vår

Sidan me har fått det av banen, vil eg gå til kjerna i saka.

Me har utfordringar når det kjem til folkehelsa.

Det har alle land i verda.

Har me folkevalde noko med å blanda oss bort i det?

Ja, fordi dårleg folkehelse er eit resultat av politiske val, då må god folkehelse òg vera det.

Skal me ha folkehelsepolitikk, så er det ingen veg utanom visse reguleringar, forbod og andre verktøy.

Dette har det vore tverrpolitisk einigheit om i Noreg. Utanom for kanskje Frp, som i si tid stemte mot røykelova!

Eg trur ikkje nokon i Noreg ønsker seg tilbake til der me var før.

Men hadde det vore opp til Frp hadde det vore røyking over alt og sal av vin og brennevin i både kioskar, bensinstasjonar og butikkar.

Eg vel barn og unge og førebygging først.

Eg seier som journalist i Avisa Nordland, Anne Grenersen sa for nokre år sidan: «Selv disiplene i Frp vet at å drikke med begge hendene, samtidig som man røyker som en skorstein og aldri bruker beina, er en usunn cocktail».

Lat oss håpa at det kjem til uttrykk i politikken òg etter kvart.

Å ikkje ta folkehelse på alvor er eit val det òg, som igjen vil gje konsekvensar for innbyggjarane.

Svare på kronikken? Brenner du inne med noe? Send oss din mening på debatt@tv2.no