Her strøymer turistane til etter tøff tid

Mange verksemder har tømt sparebøssa og fått auka gjeld etter to tunge år for reiselivsnæringa. Men no kjem dei utanlandske turistane tilbake. Det skapar optimisme.

GARDSHOTELL: Tone Rønning Vike, eigar av Aurland 29|2, har all grunn til å jubla no når bestillingane går så det susar etter. Foto: Sorosh Sadat / TV 2
GARDSHOTELL: Tone Rønning Vike, eigar av Aurland 29|2, har all grunn til å jubla no når bestillingane går så det susar etter. Foto: Sorosh Sadat / TV 2

Ved gardshotellet til Tone Rønning Vike i Aurland har ein den siste tida vore i full gang med å klargjera til mottak av gjester. Årets sesong ser ut til å gå betre enn venta.Ho viser fram det blømande aprikostreet ho har veksande i tunet heime, men det er ikkje berre frukttre dei har fått til her.Over fleire år har Tone og mannen satsa alt på gardsturisme i vakre Aurland i Sogn, og har her skapt ei turistperle som lokkar til seg reisande frå heile verda.Det skulle vera st