
Dette «egget» skal vere med å revolusjonere lakseoppdretten
Verdas første oppdrettsegg er omsider klekt. Håpet er ei meir bærekraftig oppdrettsnæring.
På ei kai i Ølve i Hardanger står eit 21 meter høgt og 15 meter breitt eggeforma oppdrettsanlegg og ruvar over fjorden. Egget er endeleg ferdig klekt og klart til å sjøsettast.
– Dette er ein kjempestor milepæl for oss. Me har jobba med dette i ti år, og er glade for at me endeleg har fått bygd det første egget, seier gründer Cato Lyngøy.
Han er sjef i selskapet Hauge Aqua, som står bak egget. No skiftar selskapet namn til Ovum, som betyr egg på latin.

Meir bærekraftig
Det nyklekte Egget er eit lukka oppdrettsanlegg, som tar inn vatn frå botn av egget, og pumpar vatnet ut gjennom toppen. Vatnet blir rensa og ein kan kontrollere miljøet og produksjonen.
Snart skal egget fraktast til Romsdalsfjorden, der det skal settast i produksjon med om lag 100.000 oppdrettslaks.
– Me gjer dette fordi me trur laksen vil ha eit betre liv i egg enn i opne merdar. Det er det me skal teste ut med dette første egget, seier Lyngøy.

Målet med egget er å bidra til ei meir bærekraftig og miljøvenleg oppdrettsnæring. Lukka anlegg beskyttar nemleg fisken mot lakselus, hindrar at laksen rømmer og sikrar at lakseskit og fôr ikkje forsvinn ut i havet.
– Det er nok mange som ønskjer dette velkommen, men det er ei fordyrande løysing, seier Rune Waagbø, avdelingsdirektør i Havforskingsinstituttet.
Han seier lukka anlegg har mange fordelar, ved at ein har betre kontroll på produksjonen og kan styre miljøet og vasskvaliteten deretter. Ulempa er at det er dyrare å drifte.
– Det er også eit meir einsformig miljø, som kan skape nokre velferdsutfordringar for fisken, seier Waagbø.
Han meiner likevel at slike lukka oppdrettsanlegg er ein viktig del av framtida til norsk oppdrettsnæring.
– Det er eit spennande område. I framtida vil ein nok sjå ein blanding av opne og lukka merder. Det er viktig for å avlaste kysten.
Miljørørsla er positiv
Ein av dei som ønskjer egget velkommen, er Ruben Oddekalv, leiar i Norges Miljøvernforbund.
Han påpeikar at oppdrettsnæringa aldri vil bli heilt bærekraftig, men seier slike prosjekt som Egget er eit stort steg i riktig retning.

– Eg er veldig positiv til prosjektet. Dette er løysinga på mange av problema ved oppdrettsnæringa, som sjukdom, lus og forureining, seier Oddekalv.
Prislappen bryr han seg ikkje om.
– Viss oppdrettsnæringa vil drive, så må dei drive skikkelig. Så at dette er dyrere, det bryr eg meg ikkje om. Eg trur forbrukerane vil akseptere prisen viss produktet er tilsvarande betre.
Fleire egg på veg
Selskapet har fått konsesjon til å bygge til saman 6 egg. Dei neste fem vil bli betydeleg større enn det som no står klart.
– Pilotegget er lite i forhold til dei neste som kjem. Eit fullskala egg skal nemleg vere 44 meter høge og 32 meter breie.

Trass størrelsen, skal egga vere både fine og arealeffektive.
– Det blir nesten som eit isfjell. Ein vil berre sjå toppen av egget, resten vil vere skjult under vatn, seier Lyngøy, som håpar å starte bygginga av egg nummer to i løpet av året.
– Ein klar fordel er at dette kan ligge på stort sett alle norske lokalitetar. Det gjev fleksibilitet til oppdrettarane, som kan veksle mellom opne og lukka merdar.
No byrjar arbeidet med å teste ut teknologien og optimalisere løysingane slik at egget fungerer best mogleg for oppdrettarane og for laksen.
– Me er spente på om laksen er like nøgd som oss, seier Lyngøy.
