Dette «egget» skal vere med å revolusjonere lakseoppdretten

Verdas første oppdrettsegg er omsider klekt. Håpet er ei meir bærekraftig oppdrettsnæring.

KLEKKEKLART: Dette «egget» skal fraktast til Romsdalsfjorden, der det skal settast i produksjon med om lag 100.000 oppdrettslaks. Foto: Mathias Kleiveland / TV 2
KLEKKEKLART: Dette «egget» skal fraktast til Romsdalsfjorden, der det skal settast i produksjon med om lag 100.000 oppdrettslaks. Foto: Mathias Kleiveland / TV 2

På ei kai i Ølve i Hardanger står eit 21 meter høgt og 15 meter breitt eggeforma oppdrettsanlegg og ruvar over fjorden. Egget er endeleg ferdig klekt og klart til å sjøsettast.- Dette er ein kjempestor milepæl for oss. Me har jobba med dette i ti år, og er glade for at me endeleg har fått bygd det første egget, seier gründer Cato Lyngøy.Han er sjef i selskapet Hauge Aqua, som står bak egget. No skiftar selskapet namn til Ovum, som betyr egg på latin.Meir bærekraftig