Slik vil forbodet ramme: – Kan hamne i ein situasjon der det eskalerer

Dersom norske hamner blir stengt for russiske skip, er det ikkje berre norsk næringsliv som kan bli ramma, men også den tryggleikspolitiske situasjonen i Noreg.

TRØBBEL: Eit mogleg forbod mo russiske skip i norske hamner, kan gi store konsekvensar for nord-norsk næringsliv og årelangt fiskerisamarbeid. Foto: Daniel Berg Fosseng / TV 2
TRØBBEL: Eit mogleg forbod mo russiske skip i norske hamner, kan gi store konsekvensar for nord-norsk næringsliv og årelangt fiskerisamarbeid. Foto: Daniel Berg Fosseng / TV 2

I den femte sanksjonspakka frå EU ligg det eit forbod mot russiske skip i EU-hamner.Noreg har innført alle EU-sanksjonane til no, og stiller seg bak denne pakka også. Fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap) sa i ei pressemelding onsdag at Noreg vil vedta denne, men med tilpassingar.Det kan få store konsekvensar for norsk næring.- Støre har ikkje vore i Kirkenes enno, så då kan han kome og slå av lysbrytaren, seier Greger Mannsverk, administrerande direktør i Kimek AS