
Storbritannia plasserer fleire hundre soldatar i nord
Det britiske forsvaret aukar sitt nærvær i nord gjennom ny nordområde-strategi.
Under ein pressekonferanse på Bardufoss tysdag la den britiske forsvarsministeren Ben Wallace fram ein ny nordområde-strategi. Den forpliktar Storbritannia til eit større militært nærvær i nord og Arktis, ifølge Wallace.
– Dette gjer vi for å vere sikker på at viss den dagen kjem, så er vi i stand til å klare oss, sa Wallace, og sikta til eit eventuelt angrep frå Russland.

Blant anna vil det britiske forsvaret bidra med meir overvaking over sjø og land, og med nye skip og infrastruktur. Blant bidraga vil det vere ei anti-ubåtflåte laga for å oppdage russiske ubåtar.
Saman med den britiske forsvarsministeren var også den norske, Odd Roger Enoksen (Sp).
– Storbritannia er vår viktigaste allierte i Europa. At dei bruker så mykje tid og øver og trener i lag med oss i nord er viktig, sa Enoksen til TV 2.
Blant den britiske styrkinga skal det vere ei «marine strike group», som består av ei gruppe skip med 300-400 soldatar og fleire helikopter.
– Denne vil vere basert eller aktiv i nord og samarbeide med både Noreg, Sverige og Finland, sa Wallace.
Han sa også at han vil diskutere med Noreg om kor mykje meir nærvær dei ønsker i nordområda.
Konkurranse om ressursar
NATO-øvinga med over 30.000 soldatar frå 27 land blir denne veka avslutta. Tidlegare har både generalsekretær i NATO, Jens Stoltenberg og statsminister Jonas Gahr Støre besøkt Bardufoss og øvinga.
Under Stoltenberg-besøket åtvara generalsekretæren om ei auka russisk interesse for Arktis.
– Vi ser også ei auka kinesisk interesse i regionen. Kina har definert seg som ein «nær arktisk stat» og vil auke sitt nærvær, sa Stoltenberg.

Han varsla også om eit auka nærvær frå NATO i nord.
– Vi kan ikkje tillate eit tryggleiksvakuum i Nord. Denne øvinga er eit eksempel på dette. Og meir vil bli naudsynt i framtida.
Den britiske forsvarsministeren nytta også pressekonferansen på Bardufoss til å snakke om kor viktig Arktis er og blir framover tryggleikspolitisk. Klimaendringar, konkurransen om ressursar og mineralar i området og sikringa av viktig infrastruktur som undersjøiske sjøkablar, er faktorar som spelar inn.
– Vi har jo allereie opplevd angrep på dei undersjøiske kablane, sa Wallace.
Andøya og Bodø til diskusjon
Wallace la mykje vekt på det 50 år lange forsvarssamarbeidet med Noreg, og kva det ha og seie i ein eventuell angrepssituasjon.
– Dersom Russland går til eit tullete steg og angrip eit NATO-land vil vi stå opp mot ein fiende som ikkje held tilbake. Då er det ferdigheitene som skil oss, og derfor er 50 år med trening viktig.

På spørsmål om det er planar for basane på Andøya og Bodø som skal leggast ned svarer Enoksen at dette er noko regjeringa no ser på.
– Vi ser på korleis vi skal ha kapasitet til å ta imot allierte på ein god nok måte, og det er utfordringar knytt til avviklinga av Bodø og Andøya, så dette er ting vi ser på.
3 milliardar
Tidlegare i mars blei det klart at regjeringa gir tre milliardar kroner til styrking av Forsvaret, og ein halv milliard til å styrke den sivile beredskapen. Store delar av summen går til Nord-Norge.
- 650 millionar går til landsstyrkar gjennom auka øvingsaktivitet i Nord-Norge.
- 800 millionar går til auka overvaking av norske havområde.
- 350 millionar går til mottak av allierte, spesielt i Nord-Norge.
- 200 millionar går til å styrke Etterretningstjenesten og Forsvaret si emne til å stå imot digitale trugslar.
- 1 milliard går til beredskapsbehaldning og auka lager av ammunisjon, utrustning og drivstofflager.