MISTA ALT: Brede Sæther frå Sør-Varanger kommune fekk verda snudd på hovudet etter 2014. No fryktar han gjentaking. Foto: Karen Anna Kleppe / TV 2
MISTA ALT: Brede Sæther frå Sør-Varanger kommune fekk verda snudd på hovudet etter 2014. No fryktar han gjentaking. Foto: Karen Anna Kleppe / TV 2

Fryktar konsekvensane: – Sist gang rakna alt vi hadde bygd opp

Etter annekteringa av Krim i 2014 opplevde Brede Sæther at det han tente pengar på blei forbode over natta. Igjen fryktar næringslivet i nord konsekvensane av sanksjonane mot Russland.

Fram til Russland annekterte Krim-halvøya i 2014 hadde Brede Sæther brukt 20 år på å bygge opp selskap på både russisk og norsk side innan eksport av fisk.

– Sist gong rakna alt vi hadde bygd opp. Alt blei forbode over natta, og vi tapte sjølvsagt mykje pengar, minnast Sæther, som fryktar kva som skjer denne gongen.

I den russiske grensebyen, Murmansk, hadde Sæther 15 tilsette, i den norske grensebyen Kirkenes, hadde han tre tilsette. Før annekteringa omsette selskapa til saman for nesten 200 millionar i året.

Men i løpet av dei åra som kom tapte han nærare 20 millionar kroner og måtte seie opp dei tilsette.

NABO: Berre eit par mil frå Kirkenes ligg grensa mot Russland. Foto: Daniel Berg Fosseng / TV 2
NABO: Berre eit par mil frå Kirkenes ligg grensa mot Russland. Foto: Daniel Berg Fosseng / TV 2

– Det var tungt sjølvsagt. Eg håpar ikkje andre her i Kirkenes opplever det same som eg gjorde, at arbeidsplassen går bort, livsverket går bort, og ein står igjen på bar bakke.

Sjølv om Sæther støtta sanksjonane, og meiner til og med dei kunne vore hardare, mista han selskapa sine og levebrødet som konsekvens. No kan det skje igjen.

– Bråstopp i heile næringslivet

Det meste av næringsliv i Kirkenes er avhengig av næringslivet på andre sida av grensa og omvendt.

Det største privateigde selskapet i Aust-Finnmark, skipsverftet Kimek AS, hentar rundt 70 prosent av omsetninga frå den russiske fiskeflåten. Stoppar det arbeidet opp, får det store konsekvensar for heile regionen ifølge administrerande direktør, Greger Mannsverk.

AVHENGIG AV RUSSLAND: Administrerande direktør Greger Mannsverk i Kimek fortel korleis selskapet blei stifta med den russiske marknaden i sikte. Foto: Karen Anna Kleppe/TV 2
AVHENGIG AV RUSSLAND: Administrerande direktør Greger Mannsverk i Kimek fortel korleis selskapet blei stifta med den russiske marknaden i sikte. Foto: Karen Anna Kleppe/TV 2

– Då blir det ein bråstopp i heile det private næringslivet i Sør-Varanger, meiner han.

Også Henriksens Shipping Service AS (HSS) er ein stor næringslivsaktør i regionen. 90 prosent av omsetninga deira kjem frå Russland, der er over 3000 menneske involvert i prosjekta deira i Barentshavet. På norsk side er det snakk om rundt 750 personar, og 112 leverandørar i Aust-Finnmark.

Administrerande direktør Arve Henriksen fryktar kva konsekvensane kan bli.

– Eg fryktar ikkje berre for mitt, men alle våre selskap, alle leverandørar, bedrifter i Kirkenes. Dette er ein alvorleg situasjon, seier Henriksen.

ALVORLEG: Arve Henriksen, administrerande direktør i Henriksens Shipping Service meiner sanksjonane kan bli alvorlege også for Noreg. Foto: Per Christian Dyrø / TV 2
ALVORLEG: Arve Henriksen, administrerande direktør i Henriksens Shipping Service meiner sanksjonane kan bli alvorlege også for Noreg. Foto: Per Christian Dyrø / TV 2

No meiner selskapa regjeringa må på banen.

Ønsker koronatiltak-kopi

Både Mannsverk og Henriksen er klare på at ein framleis ikkje veit godt nok kva sanksjonar som kjem og korleis dei vil påverke. Dei har begge både norske, ukrainske og russiske arbeidarar i selskapa, og peikar først og fremst på at det viktigaste er å støtte folket i begge land.

– Vi har heldigvis ein utanriksminister og ein statsminister som forstår kor viktig det er med eit godt samarbeid i nordområda, så vi forventar jo at det vil vekte høgt, og at ein ikkje har som mål å ramme det russiske folk, men dei få i Moskva som har iscenesett det, seier Henriksen.

Samstundes meiner direktørane at norske myndigheiter er nøydde til å stå klare for å hjelpe næringslivet med liknande kompensasjonstiltak som under pandemien, dersom sanksjonane rammar næringar i nord.

HJØRNESTEIN: Stoppar hjørnesteinsbedrifta Kimek opp i Kirkenes, stoppar mykje anna privat næringsliv også. Foto: Daniel Berg Fosseng / TV 2
HJØRNESTEIN: Stoppar hjørnesteinsbedrifta Kimek opp i Kirkenes, stoppar mykje anna privat næringsliv også. Foto: Daniel Berg Fosseng / TV 2

– Regjeringa må i alle tifelle førebu seg på «worst case» på den måten at verksemder stoppar opp, og så må dei finne ut korleis dei skal bidra til at næringslivet overlever krisa og står opp igjen på andre sida, seier Mannsverk.

Henriksen, som har drive HSS under konsekvensar av sanksjonane frå 2014 og fram til i dag, utan hjelp frå staten, meiner også at det er på tide næringslivet i nord får støtte.

– Vi i nord har bore heile kostnaden frå sanksjonane. Viss det denne gongen endar med at vi ikkje kan drive lengre, må vi få hjelp til å bere dei kostnadane. Det er ein stor del av heile Nord-Norge som lever heilt eller delvis av russisk næringsverksemd, det må vektleggast, seier Henriksen.

BISTAND: Næringslivet ønsker regjeringa på banen med naudhjelp til nord dersom sanksjonane rammar like hardt, eller hardare enn i 2014. Foto: Daniel Berg Fosseng / TV 2
BISTAND: Næringslivet ønsker regjeringa på banen med naudhjelp til nord dersom sanksjonane rammar like hardt, eller hardare enn i 2014. Foto: Daniel Berg Fosseng / TV 2

Statsråden åtvarar om konsekvensar

Næringsminister Jan Christian Vestre kunne ikkje stille til intervju, men skriv i ein e-post til TV 2 at han forstår at bedriftene som har verksemd knytt til Russland opplever dette som ein usikker situasjon, men seier ingenting om kompenserande tiltak.

INGEN LOVNAD: Næringsminister Jan Christian Vestre (Ap), meiner det er for tidleg å meine noko om sanksjons-bistand til nord. Foto: Thomas Evensen / TV 2
INGEN LOVNAD: Næringsminister Jan Christian Vestre (Ap), meiner det er for tidleg å meine noko om sanksjons-bistand til nord. Foto: Thomas Evensen / TV 2

«Sanksjoner har størst effekt når de har bred internasjonal støtte, og Norge vil slutte seg til EUs sanksjoner. Vi må forvente at restriktive tiltak mot Russland vil kunne få konsekvenser for norsk næringsliv, men det er for tidlig å spekulere i hvilke konsekvenser det blir.» , skriv Vestre.

Vurderer å flytte

Sør-Varanger er ein av fleire kommunar i Troms og Finnmark med negativ folkevekst. Sæther er ein av dei som har vurdert å flytte.

– Personleg tenker eg og kona på å flytta frå Kirkenes. Det er ei trasig utvikling her, det er vanskeleg. Folketalet dett og byen dør ut, seier Sæther.

Etter tapa frå sanksjonane i 2014 kom han seg på beina igjen, og starta eit selskap kor han importerer bustadar frå Russland og set dei opp i Noreg. No er han redd historia vil gjenta seg sjølv.

– Det ser eg heller ikkje på noko eg kan halde fram med no. Igjen må eg legge ned ei bedrift eg sjølv har starta opp.

USIKKER: Brede Sæther veit ikkje korleis det vil gå med han og selskapet hans denne gongen. Foto: Karen Anna Kleppe/TV 2
USIKKER: Brede Sæther veit ikkje korleis det vil gå med han og selskapet hans denne gongen. Foto: Karen Anna Kleppe/TV 2