
4500 redningsfolk manglar tilgang til naudnett
Nesten halvparten av alle frivillige i Norge manglar tilgang til naudnettet. I opposisjon støtta Senterpartiet og Arbeiderpartiet ei styrking. No vil ikkje regjeringa love noko.
– Mange gongar står det om liv, om tid, og det står om tryggleiken til mannskapa.
Det seier Bente Asphaug, dagleg leiar i Frivillige organisasjoners redningsfaglige forum (FORF), paraplyorganisasjonen til dei alle dei frivillige redningsorganisasjonane.

I Noreg er det rundt 10.000 frivillige menneske som deltar i redningsaksjonar, anten det er snøskred, kvikkleireskred eller andre hendingar der det står om liv.
Nesten halvparten av alle desse, 4500, har ikkje naudnettsterminalar, som vil seie at dei ikkje kan kommunisere med naudetatane.
– Vi kan ikkje garantere at det mannskapet som er ute og gjer funn på leiteaksjonar har naudnett og kan starte viktig kommunikasjon med AMK og andre naudetatar, seier Vegard Eidissen Linbæk.

Han er leiar for Norsk Folkehjelp Sanitet. Dei har ein kritisk mangel på 400 terminalar.
Mindre terminalar, mindre frivillige
På landsbasis er det ein kritisk mangel på 1400 terminalar, som skaper konsekvensar for beredskapen i landet.
– Vi har frivillige i dag som er trent opp og klare til å vere operative, men dei har ikkje naudnettsterminalar som igjen betyr at vi ikkje kan nytte dei ressursane i redningstenesta, seier Asphaug.
Med meir ekstremvêr, nedbør og fleire turistar har oppdraga blitt fleire og meir krevjande dei seinare åra, ifølge Asphaug.

– Vi stiller opp med frivillige heile året, døgnet rundt, uansett vêr. Det minste det offentlege kan gjere er å ta kostnadane for nye terminalar. Beredskapen er det offentlege sitt ansvar, seier Asphaug.
– Store forventningar
Gjensidigestiftelsen har gitt 10 millionar kroner til nye terminalar, men det manglar 22 millionar. I tillegg kjem abonnementskostnadar dei frivillige organisasjonane ikkje har råd til å ta, ifølge Asphaug.
Både Arbeiderpartiet og Senterpartiet støtta ein auke til naudnettsabonnement under førre stortingsperiode.

– Når regjeringa vi har i dag var i opposisjon påpeika dei at det ikkje satsast nok på naudnett til dei frivillige. No er dei i posisjon, så no har vi store forventningar til at dei skal levere, seier Eidissen Lindbæk.
Men det er ingenting som tydar på at dei vil ruste opp beredskapen gjennom dei frivillige.
– Dei gjer ein veldig viktig jobb, og eg kjenner til behovet for terminalar. Vi skal i gang med budsjettprosess for 2023, og det blir det naturleg for meg å ta med behov og innspel inn, seier justis- og beredskapsminister, Emilie Enger Mehl (Sp).

Ho lovar ingen auke eller nye terminalar til dei frivillige, og peikar på store investeringskostnadar og driftskostnadar.
– Derfor må vi sjå på den totale ressursbruken i dette spørsmålet, seier Mehl.