No har det skjedd noko med Nato-stemninga i Sverige

GOTLAND, SVERIGE (TV 2): Den spente situasjonen i Europa har blåst liv i den svenske Nato-debatten. No er ja-sida på frammarsj. Det er det langt frå alle som er glade for.

 Foto: Elias Engevik/TV 2
Foto: Elias Engevik/TV 2

- Tidlegare har eg meint at vi ikkje skal bli med i Nato. Men no når det har vore så mykje snakk om Nato, så begynner eg å vurdere det, seier Agneta Ahlgren, som er ute og ruslar i Stockholms gater.Dermed set ho ord på det stadig fleire svenskar tenker.Nabo til militærleirSveriges alliansefrihet ligg djupt forankra i den svenske folkesjela. Söta bror har vore samarbeidspartnar med Nato gjennom Partnerskap for fred-programmet