JOKEREN: Alta kan vere avgjerande for Finnmark si framtid ved folkeavstemninga dette halvåret. Foto: Bendik Skogli / TV 2
JOKEREN: Alta kan vere avgjerande for Finnmark si framtid ved folkeavstemninga dette halvåret. Foto: Bendik Skogli / TV 2

Det nye fylket kan få under 50.000 innbyggarar

Når fylkene splittast igjen kan det største fylket i Noreg ende opp med mindre innbyggarar enn Moss kommune. – Historisk skeivdeling, seier professor.

Når Troms og Finnmark går frå eit fylke til to i løpet av dei neste to åra, kan fylkesgrensene sjå heilt annleis ut enn det dei gjorde før samanslåinga.

Finnmark risikerer å miste den mest folkerike kommunen i fylket, og med det få eit innbyggartal på storleik med ein middels stor by i Noreg. Då vil det vere det største fylket i areal, men med færrast innbyggarar.

– Det vil vere ei historisk skeivdeling å ha fylke med ein million innbyggarar kontra fylke med mindre enn 50.000. Det er vanskeleg å sjå at dei kan gi same tenestetilbodet, seier Ola Grytten.

LITE TRU: Økonomiprofessor Ola Grytten har lite tru på eit velfungerande Finnmark utan Alta. Foto: Marit Hommedal
LITE TRU: Økonomiprofessor Ola Grytten har lite tru på eit velfungerande Finnmark utan Alta. Foto: Marit Hommedal

Han kallar det ei formidabel oppgåve å løyse for fylkespolitikarane.

Fleire kommunar kan forsvinne

Alta kommune, som høyrde til Finnmark før samanslåinga i januar 2020, er ikkje sikre på om dei vil tilbake til gamlefylket etter oppdelinga. Difor har kommunen vedtatt ei folkeavstemning som mest sannsynleg vil skje i løpet av første halvår i år.

– Vi har sett saman ei tverrpolitisk gruppe som skal arbeide med å få fram all fakta til innbyggarar og politikarar før folkeavstemninga, seier ordførar i Alta, Monica Nielsen (Ap).

USIKKER: Ordførar i Alta, Monica Nielsen (Ap) og partiet hennar har ikkje gjort seg opp ei meining om Alta bør bli i Finnmark eller ikkje. Foto: Nils Ole Refvik/TV 2
USIKKER: Ordførar i Alta, Monica Nielsen (Ap) og partiet hennar har ikkje gjort seg opp ei meining om Alta bør bli i Finnmark eller ikkje. Foto: Nils Ole Refvik/TV 2

Dersom Alta blir ein del av Troms, har ordførarane i nabokommunane Kautokeino og Loppa uttalt til TV 2 tidlegare at også dei må vurdere å gjere det same.

TETT NABO: Hans Isak Olsen, ordførar i Kautokeino, vil vurdere å følge etter nabokommunen Alta viss den vel Troms. Foto: Nils Ole Refvik/ TV 2
TETT NABO: Hans Isak Olsen, ordførar i Kautokeino, vil vurdere å følge etter nabokommunen Alta viss den vel Troms. Foto: Nils Ole Refvik/ TV 2

– Alta har stor betydning for oss, sa ordførar i Kautokeino, Hans Isak Olsen (Kautokeinos fastboendes liste), til TV 2 i oktober.

– Spørs om det er liv laga

Blir minifylket Finnmark realitet, stiller Grytten spørsmål ved om det i det heile vil vere levedyktig.

– Viss vi tenker på at andre fylke har godt over ein million innbyggarar, er det klart at tenestetilbodet i Finnmark vil bli så dårleg at det spørs om det er liv laga, seier Grytten.

OPPRINNELEG: Slik såg fylkesgrensene ut før Troms og Finnmark blei slått saman i 2020. Foto: / Grafikk: Jonas Pedersen / May Husby
OPPRINNELEG: Slik såg fylkesgrensene ut før Troms og Finnmark blei slått saman i 2020. Foto: / Grafikk: Jonas Pedersen / May Husby
FINNMARK-FLYKT: Slik vil fylkeskommunane sjå ut dersom Alta, Loppa og Kautokeino melder flytting til Troms. Då er det berre litt over 48.000 igjen i Finnmark
FINNMARK-FLYKT: Slik vil fylkeskommunane sjå ut dersom Alta, Loppa og Kautokeino melder flytting til Troms. Då er det berre litt over 48.000 igjen i Finnmark

Fylkeskommunen har oppgåver som å drifte tenestetilbod som kommunikasjon og vidaregåande skular. Grytten meiner innbyggarane i det eventuelle mini-Finnmark må rekne med at alle desse tilboda blir svekka.

– Det vil bli vanskeleg å finne nok spesialistar og få nok ressursar til å drifte vidaregåande skular. Då kan det vere fylket blir nøydd til å samarbeide med Troms for å få det til.

Tvang som middel

Eit av argumentene til kvifor Alta skal bli ein del av Troms fylke er håpet om eit betre sjukehustilbod i kommunen. Det har vore ein årelang sjukehuskamp i Finnmark, spesielt mellom Alta og Hammerfest som har lokalsjukehuset til altaværingane.

I dag har Finnmark 72.983 innbyggarar. Innbyggarane i Alta utgjer 21.071 av det talet og er klart største kommunen i regionen. Tar Alta med seg Kautokeino og Loppa vil det vere rundt 48.000 innbyggarar igjen i Finnmark. Til samanlikning er det rett over 50.000 innbyggarar i Moss kommune.

Dersom nesten heile Vest-Finnmark går over til Troms, bør ein vurdere å stoppe oppløysinga av Troms og Finnmark fylkeskommune, meiner Grytten.

– Anten det, eller så må ein tvinge Alta, Kautokeino og Loppa til å bli i Finnmark. Uansett kva ein gjer så blir det med tvang.

Førsteamanuensis i statsvitskap ved Universitetet i Tromsø (UiT), Jonas Stein, meiner det kan bli ein ekstra vanskeleg situasjon for denne regjeringa.

– Dei er jo mot reformen fordi innbyggarane skal bestemme sjølve. Eg trur utfordringa ligg på nokre av godene Finnmark har, seier Stein.

Fordelar med Finnmark

Før altaværingane skal stemme for Finnmark si framtid, er det mange spørsmål som må bli besvart.

– Eg trur uvissa som er knytt til gode som finnmarkstillegget, Finnmarkseiendommen og den type ting vil ende opp med at eit fleirtal vil bli i Finnmark, seier Stein.

SPÅR DEBATT: Førsteamanuensis i statsvitskap, Jonas Stein, trur det vil komme debatt om vi treng fylkeskommunar i kjølvanna av reverseringa. Foto: TV 2
SPÅR DEBATT: Førsteamanuensis i statsvitskap, Jonas Stein, trur det vil komme debatt om vi treng fylkeskommunar i kjølvanna av reverseringa. Foto: TV 2

Stortingsrepresentant Bengt Rune Strifeldt (Frp) la i november fram eit forslag i Stortinget som skal sikre at Alta kommune kjem likt ut økonomisk uavhengig av kva fylke kommunen vel å høyre til. Det har enno ikkje vore til behandling.

Nasjonal debatt om fylkeskommunen

Statsvitaren spår at det vil oppstå ein debatt om fylkeskommunar i det heile er noko landet treng i kjølvatnet av reverseringa av både Troms og Finnmark og Viken fylke.

– Det er ikkje slik at folk har vore særleg opptatte av fylkeskommunen eller fylkespolitikken før samanslåinga blei tema.

– Eg tippar debatten vil komme i løpet av dei neste ti åra. Det pågår jo allereie no ein debatt om pengebruken ved reverseringa, seier Stein.

Også Grytten stiller spørsmål ved om fylkeskommunen er naudsyn, eller mest eit pengesluk.

– Hadde ein hatt litt større kommunar hadde vi ikkje hatt behov for fylket, det hadde vore kostnadsminkande. Så ville ein også unngått eit ledd med byråkrati, seier Grytten.

Han tar Finnmark som eksempel.

– Dersom Alta ikkje var med kunne Finnmark vore ein eigen kommune.

I desember starta fylkestinget den administrative oppdelinga av Troms og Finnmark, men fylket vil ikkje vere formelt oppdelt før etter fylkestingsvalet i 2024.

Relatert