Som 14-åring blei Andrea blind og funksjonhemma – i jula fekk ho ønsket oppfylt

Andrea Bruun Eivik (21) har kjempa i fleire år for å få erstatning etter at ho blei hjelpetrengande som 14-åring grunna manglande behandling. Denne jula fekk ho eit av sine største ønsker oppfylt.

HØGTIDELEG: Andrea Bruun Eivik (21) vil leve mest mogleg som andre jamngamle. Denne jula kom ho eit stort skritt nærare. Foto: Øivind Arvola
HØGTIDELEG: Andrea Bruun Eivik (21) vil leve mest mogleg som andre jamngamle. Denne jula kom ho eit stort skritt nærare. Foto: Øivind Arvola

Det som skulle bli ein årelang kamp for 21 år gamle Andrea Bruun Eivik og familien starta med ein hovudpine då ho var 9 år gammal. Den gav seg ikkje på fleire år.- I fem år blei vi stempla som overhysteriske foreldre, minnast pappa Tommy Eivik om kampen for dottera.Ikkje før Andrea var 14 år og fall om på gata fann legane ut kva som feilte ho. Ein kreftsvulst i hjernestamma hadde spreidd seg til ryggsøyla. Helsevesenet klarte å berge Andrea, men livet som ho kjende det var over.