Åtvarar etter krevjande redningsaksjon på Trolltunga

Natt til onsdag blei ein mann berga ned frå fjellet etter at han gjekk seg fast på tur til Trolltunga.

REDNINGSARBEID: Aksjonsleiar i Røde Kors, Stig Hope, fortel om ein krevjande redningsaksjon på Trolltunga natt til onsdag.Røde Kors Foto: Røde kors
REDNINGSARBEID: Aksjonsleiar i Røde Kors, Stig Hope, fortel om ein krevjande redningsaksjon på Trolltunga natt til onsdag.Røde Kors Foto: Røde kors

Det var eit skikkeleg uvêr då redningsmannskapane la i veg i retning Trolltunga tysdag kveld.Ein utanlandsk turist hadde tidlegare på ettermiddagen meldt frå om at han hadde gått seg fast i fjellet, og at han hadde søkt ly i ei naudbu.I frykt for at det var fleire som hadde gått seg vill, la 18 personar frå Røde Kors i veg på den populære turstien for å leite. I tillegg stilte eitt lag frå Norske Redningshunder under aksjonen, s