Ropar varsko om villaksen: – No trengs det eit krafttak

Berre ein av fem laksebestandar i norske elvar er i god tilstand, syner ein ny forskingsrapport. Ekspertar vil no raudliste villaksen, og ber oppdrettsnæringa ta grep.

Situasjonen for norsk villaks er prekær. I seinare år er mengda villaks blitt dramatisk redusert.

På starten av 1980-talet var det over ein million villaks som kom tilbake frå havet og til dei norske elvene. No er det talet halvvert, og villaksfangsten er ein tredjedel av det den var då.

Forskarar er uroa over utviklinga.

Berre ein av fem bestandar har god tilstand

I dag kjem Vitskapeleg råd for lakseforvaltning sin årlege statusrapport for villaksen i Noreg. Den viser at situasjonen ikkje er blitt noko betre for villaksen.

Berre ein av fem av laksebestandane er vurdert til å vere i god tilstand. Over ein tredjedel av bestandane, blir vurdert til å vere i dårleg eller svært dårleg tilstand.

Bestandane i Midt-Noreg og Vest-Noreg er mest redusert, og rapporten slår fast at negative effektar av lakseoppdrett er ein viktig årsak.

No ropar forskarane varsko.

– Viss me vil ha villaks å hauste av, og ikkje berre som ein museumsgjenstand me kan gå å sjå på, så må me handtere dei menneskeskapte påverknadane, seier forskar Torbjørn Forseth, leiar i vitskapeleg råd for lakseforvaltning.

Ber næringar brette opp ermene

Særleg oppdrettsnæringa har fått mykje av skulda for situasjonen til villaksen.

Laks som rømmer frå oppdrettsanlegg, lakselus og andre infeksjonar frå oppdrettsnæringa, er rekna for å vere ein alvorleg trugsel mot villaksen.

Andre inngrep, som vasskraftregulering, er og ei utfordring.

LAKSERØMMING: Lakserømming er eit stort problem for villaksen, i følgje ein ny rapport. Foto: Kallestad, Gorm/SCANPIX)
LAKSERØMMING: Lakserømming er eit stort problem for villaksen, i følgje ein ny rapport. Foto: Kallestad, Gorm/SCANPIX)

– Alle sektorar som påverkar villaksen negativt, må gjere eit skikkeleg krafttak for å betre situasjonen, seier Forseth.

Han meiner særleg oppdrettsnæringa må ta større grep.

– Me er nøydd å redusere rømminga, og me er nøydd å handtere lakselusproblemet. Det tar livet av veldig mykje laks.

Kommunikasjonssjef i Sjømat Norge, Henrik Wiedswang Horjen, seier at dei deler uroa for utviklinga til villaksen, men at dei ser det har vore betring over tid.

– Rapporten viser ein 45.5 prosent auke i innsiget av villaks på 11 år. Innslaget av rømt fisk er det lågaste sidan 1989. Pilane peikar i riktig retning.

Nye farer trugar

I tillegg til kjende utfordringar, er det nye farer som trugar villaksen.

– Pukkellaks er ein ny trugsel som rammar mange laksebestandar, og det er behov for nasjonale og internasjonale tiltak for å redusere risiko for skade på villaks, seier Forseth.

For første gong er det fanga fleire pukkellaks enn atlantisk laks i norske elvar i løpet av ein fiskesommar. Basert på innsamla fangsttal, reknar Norske Lakseelver til at det blei tatt 85 900 laks av sportsfiskarane i 2021. Det gjer årets sesong til den dårlegaste i moderne tid.

– Det er ei negativ utvikling som viser at me må bruke hardare lut i kampen for å verne villaksen, seier generalsekretær Torfinn Evensen i Norske Lakseelver.

UØNSKA ART: Pukkellaksen er ein svartelista art som kan utgjere ein fare for Noregs sårbare bestandar av atlantisk laks og sjøørret. Foto: Nils Ole Refvik
UØNSKA ART: Pukkellaksen er ein svartelista art som kan utgjere ein fare for Noregs sårbare bestandar av atlantisk laks og sjøørret. Foto: Nils Ole Refvik

Vil raudliste villaksen

På onsdag kjem den nye raudlista for artar. I år er villaks ei av artane som er blitt vurdert som kandidat for lista.

– Villaksen er innstilt på raudlista frå ekspertane, så får me sjå kva artsdatabanken avgjer på onsdag. Men det er ikkje tvil om at villaksen er ein art som strevar veldig, seier Forseth.

Relatert