
Troms-ordfører sender stikk: – Tvilar på at Finnmark kjem styrka ut
Regjeringa gir grønt lys for å oppløsying av Troms og Finnmark. Fleirtalet jublar, andre tvilar, og ein kommune kan skape problem.
Den nye regjeringa med Arbeiderpartiet og Senterpartiet lovar i regjeringsplattforma at storfylket Troms og Finnmark skal få lov til å bli to fylker igjen.
– Dette er eg veldig godt nøgd med. Det er i tråd med det veljarane og innbyggarane meiner, seier fylkesordførar i Troms og Finnmark, Ivar B. Prestbakmo (Sp).

Det låg mykje motstand bak samanslåinga av dei to fylkene, men 1. januar 2020 blei Troms og Finnmark tvangssamanslått. Men det tok ikkje meir enn fem månadar før fylkestinget søkte om skilsmisse til kommunaldepartementet. Det er den søknaden den nye regjeringa no har lova å godkjenne.
– Må jobbe beinhardt
Også fylkesrådsleiar Bjørn Inge Mo (Ap) er glad for å endeleg få det bekrefta.
– No skal eg orientere fylkestinget om dette på neste møte og så skal vi starte arbeidet, seier Mo.

Ordførar i den tidlegare Finnmark-byen Hammerfest, Marianne Sivertsen Næss (Ap), pustar letta ut. Ho fryktar at viss fylka hadde heldt fram med å vere eitt stort fylke med befolkningstyngden i Troms, ville det ført til sentralisering.
– Finnmark er i ein situasjon der vi har negativ befolkningsutvikling, så no må vi jobbe beinhardt for å få til vekst, seier Sivertsen Næss.
Finnmark-pessimisme
Der Sivertsen Næss trur at oppløysinga vil styrke Finnmark som fylke, trur Troms-ordførar i Lyngen kommune, Dan Håvard Jonhsen, at Finnmark vil få det tøft.
– For Troms er det ein bra sak, men eg tvilar på at Finnmark kjem styrka ut, seier Johnsen.

Han meiner at Troms har betre økonomi og derfor betre føresetnadar for å drive samfunnsutvikling enn det Finnmark vil ha.
– Det er berre ein realitet. Men regjeringa har vedtatt dette, så vi får forholde oss til det og håpar at finnmarkingane finn ei god løysing for seg sjølve.
Heller ikkje Tromsø-ordførar Gunnar Wilhelmsen er i fyr og flammer over oppløysinga.

– Vi må leve med det, men vi mistar fart, seier Wilhelmsen.
Med det meiner han at medan Troms og Finnmark berre har krangla om å bli oppløyst, har andre samanslåtte fylker allereie staka ut ei retning.
Denne kommunen kan skape hovudbry
Sjølv om regjeringa no har gitt grønt lys, og fylkeskommunen vil starte arbeidet med oppløysinga, er ikkje det slutten på sagaen om fylkesgrensene i nord.
I Alta har dei vore inne på tanken om å bli i Troms, og ikkje venne tilbake til Finnmark.

– Vi vil sjå kva som er best for oss, sa Alta-ordførar Monica Nielsen (Ap), til NRK i februar.
No seier Nielsen at kommunestyret har venta på at regjeringsforhandlingane skulle bli ferdige, før dei tar stilling til kva dei skal gjere. Når saka kjem på høyring vil Alta komme med sitt innspel.
– Så vil vi ha ein debatt i kommunestyret før det, men no er det for tidleg å seie då ingenting er avklart, seier Nielsen.
Dersom Alta vel og bli i Troms, må også Kautokeino revurdere å bli i Finnmark, ifølge ordførar Hans Isak Olsen (Kautokeino fastboendes liste).

– For oss er det jo slik at viss det blir reversering, er vi ein del av Finnmark. Men viss Alta vurderer å bli i Troms, må også Kautokeino sjå på same moglegheiten. Alta har stor betydning for oss, seier Olsen.
Også Loppa-ordførar Stein Thomassen seier at dei må gjere ei vurdering dersom Alta blir i Troms.
– Viss både Alta og Kautokeino går over, utgjer det ein tredjedel av befolkningen i Finnmark. Då blir også vi nøydde til å gjennomføre ein analyse av kva som vil gagne oss, seier Thomassen.
Fylkesordførar Prestbakmo er tydeleg på at Troms og Finnmark først og fremst må delast opp, før Alta eventuelt kan begynne å flytte fylkesgrensene.