AFGHANSKE «ALI» (28):

«Ali» (28): – Redd for å seie kor eg er frå

ISTANBUL, TYRKIA (TV 2): Då afghanske «Ali» (28) budde i Norge, var nasjonaliteten aldri eit problem. Lenge gjekk det bra i Tyrkia også. Men ikkje no lenger.

Ali ruslar gatelangs i bydelen Zeytinburnu i Tyrkias største by, Istanbul.- Her har dei veldig godt mat, seier han på klingande norsk, og peikar på ein afghansk restaurant.I dette multietniske området myldrar det av restaurantar og butikkar med afghanske navn. Afghanerane i området fortel at dei og deira tyrkiske naboar pleidde å komme godt overeins, men no er det mange som uttrykker uro. Det gjer også Ali.- Før var tyrkerane greie mot meg. Men no er det veldig ille. Eg t