Maria (40) fryktar denne undersøkinga meir enn kreftdiagnosen

Maria er ei av 400.000 kvinner som burde tatt livmorshalsprøve, men gjer det ikkje. No løyvar regjeringa over 20 millionar kroner til heimetestar.

PSYKISK PÅKJENNING: For Maria Steinsvik Kronvald (40) er det å teste seg for livmorhalskreft ei større psykisk påkjenning enn tanken på at ho kan ha sjukdommen. Foto: Privat
PSYKISK PÅKJENNING: For Maria Steinsvik Kronvald (40) er det å teste seg for livmorhalskreft ei større psykisk påkjenning enn tanken på at ho kan ha sjukdommen. Foto: Privat

Det er over ti år sidan Maria Steinsvik Kronvald (40) sist tok ein livmorhalsprøve. Det resulterte i at ho måtte bytte fastlege.- Min relasjon til legen gjekk frå at vi var likeverdige, til at eg følte meg liten og makteslaus, seier Steinsvik Kronvald, om den første og siste gongen ho tok livmorhalsprøve.Etter at 40-åringen frå Nordreisa blei utsett for overgrep som barn er frykten for ein gynekologisk undersøking verre enn tanken på kreft.55.000 færre under korona<