Kjem med klare råd til Norge

Island var landet som fekk skryt for si handtering av pandemien. Men no slit sagaøya med si største smittebølge så langt. Derfor kjem Islands sjefepidemiolog med tydelege råd til Norge før den varsla gjenopninga.

I den tåkefylte fjellheimen på Island testar Johann Fjalar Skaptason formen etter å ha vore koronasjuk. Målet for slitet er ein dukkert i ein av naturens varme kjelder, også kjend som «heitur pottur».

– Det er lengre enn eg hugsar opp dit, seier han, mens han gyver laus på den bratte bakken.

Det er berre ti dagar sidan han kom ut av isolasjon. Skaptason blei sjuk med covid-19, trass i at han var fullvaksinert.

FULLVAKSINERT: Islandske Johann Fjalar Skaptason var fullvaksinert, men fekk korona likevel.
FULLVAKSINERT: Islandske Johann Fjalar Skaptason var fullvaksinert, men fekk korona likevel. Foto: Ole Enes Ebbesen

– Eg trudde ikkje at eg kunne få det, slik som mange andre sikkert også tenker.

Han fortel at sjukdommen gjekk greitt den første veka, før han brått blei mykje dårlegare:

– Eg var i løpande kontakt med sjukehuset i tilfelle eg måtte leggast inn.

Det tok 17 dagar å bli friskmeldt. Men det verste var likevel frykta for at han hadde smitta si gravide kone, som då var uvaksinert.

– Ho var veldig, veldig redd. Det blei fem tøffe dagar med venting før ho fekk beskjed om at ho ikkje var smitta.

Fjerna restriksjonane

Sommaren begynte med omtrent ingen smitte på Island. Sagaøya ligg også i verdstoppen i vaksinedekning. Over 90 prosent av alle over 16 år er fullvaksinert, ifølge helsestyresmaktene. Difor fjerna landet alle korona-restriksjonane i slutten av juni. Det førte til ville jubelscener og full fest på sagaøya.

– Sidan nesten alle var vaksinert, tenkte vi alle: Yeah, no er pandemien endeleg over, fortel Johann.

UTE AV ISOLASJON: For Johann Fjalar Skaptason var det godt å komme ut i naturen etter å ha vært i koronaisolasjon.
UTE AV ISOLASJON: For Johann Fjalar Skaptason var det godt å komme ut i naturen etter å ha vært i koronaisolasjon. Foto: Ole Enes Ebbesen

Overraska over smittetopp

Men festen blei kortvarig. Etter berre tre veker eksploderte smitten. Sidan den tid har Island slitt med største smittebølga så langt i pandemien.

Sjukehusdirektøren ved Det nasjonale universitetssjukehuset på Island seier denne smittebølga kom som ei overrasking.

– Det har vore hektisk. Hovedproblemet no er å skaffe nok kvalifisert personell til intensivavdelingane, fortel Páll Matthíasson.

Sjukehusdirektør ved det Nasjonale universitetssjukehuset, Dr Pall Matthíasson
Sjukehusdirektør ved det Nasjonale universitetssjukehuset, Dr Pall Matthíasson Foto: Ole Enes Ebbesen

– Vi opna truleg for tidleg

Styresmaktene valde å opne landet i juni etter anbefaling frå Islands sjefepidemiolog, Thórólfur Gudnason.

– Opna de opp samfunnet for tidleg?

– Sannsynlegvis gjorde vi det. Viruset kom inn over grensene, og samtidig var det ingen restriksjonar i samfunnet. Dermed blei det fritt fram for viruset til å spreie seg, svarer sjefepidemiologen.

Islands sjefepidemolog, Dr Þórólfur Guðnason
Islands sjefepidemolog, Dr Þórólfur Guðnason Foto: Ole Enes Ebbesen

– Norske styresmakter vurderer å opne opp slik de gjorde i juni. Kva er di anbefaling til dei?

– Mitt råd er å opne opp i eit saktare tempo. Eg håper dei ikkje gjer ein feil, seier Gudnason, og legg til at dette er noko han allereie har fortald sine norske kollegaer gjennom deira regelmessige møter om koronasituasjonen.

Sjefepidemiologen fortel at dei har gjort seg fleire erfaringar gjennom den eksplosive smittebølga, som han fortel er er forårsaka av ein ny variant av delta-viruset. Mellom anna har han konkludert med at også fullvaksinerte bør gå i karantene dersom dei har vore i nærkontakt med ein smitta. Denne type karantene har Norge gått vekk frå.

– Heile 20 prosent av dei smitta på Island er fullvaksinerte personar i karantene. Så eg trur norske styremakter gjer ein feil her. Eg håper dei ikkje gjer det, eg håper at det kanskje kan vere vi som tar feil. Men dette er basert på våre efaringar.

Anbefaler fleire tiltak også for fullvaksinerte

Gudnason legg også vekt på at det er viktig å kontrollere dei fullvaksinerte som kjem inn i landet.

Det er veldig tydeleg at også fullvaksinerte kan bli smitta og vidareføre viruset.
Islands sjefepidemiolog, Dr Þórólfur Guðnason

– Det er veldig tydeleg at også fullvaksinerte kan bli smitta og vidareføre viruset. Dei siste ti dagane har vi diagnostisert 40 personer med smitte på grensa og 30 av desse var fullvaksinerte, seier Gudnason.

Han understrekar at han ikkje vil kritisere sine nordiske naboland, og at det kan vere forhold i Norge som gjer at smitten kanskje ikkje vil eksplodere slik som på Island.

– Men dette er erfaringane vi har gjort gjennom denne smittebølga. Det vil bli svært interessant å følge utviklinga i Norge og Danmark etterkvart som dei opnar opp.

SAKTE GJENOPNING: Gudnasons klare råd er å ikkje opne opp igjen for fort.
SAKTE GJENOPNING: Gudnasons klare råd er å ikkje opne opp igjen for fort.

Ingen nye koronadødsfall

Trass smitterekorden er det tydeleg at langt færre vaksinerte blir innlagt på sjukehus.

– Viss du er vaksinert er det fire til fem gongar mindre sannsynleg å bli innlagt på sjukehus enn viss du er uvaksinert, fortel Matthíasson.

– Det er som å spele russisk rulett med éi kule i kammeret i staden for fem!

Han legg til at effekten av vaksinene også blir tydeleg på statistikken over omkomne. Så langt i smittebølge nummer fire er det berre éin person som har døydd med covid. Mannen i 70-åra mista livet 26. august.

VAKSINERT: Dr Pall Matthíasson meinar vaksineringen er grunnen til at islandske sykehus ikkje er overbelasta trass smitterekord.
VAKSINERT: Dr Pall Matthíasson meinar vaksineringen er grunnen til at islandske sykehus ikkje er overbelasta trass smitterekord. Foto: Ole Enes Ebbesen

– Korleis ville situasjonen ha vore utan vaksinene?

– Eg er sikker på at vi ville ha blitt overbelasta og sannsynlegvis ikkje kunne klart å handtere det, avsluttar sjukehusdirektøren.

– Vaksina hjalp meg

Tilbake på fjellet på Island er Johann Fjalar Skaptason omsider framme ved den varme kjelda i Reykjadalur.

Han smiler frå øyre til øyre når han synker ned i vatnet, som er varma opp av jordas indre.

Han er sikker på at varmen frå moder jord kan bidra til å hele ein covid-sliten kropp. Samtidig prisar han seg lykkeleg over at han tok vaksina, til trass for at han blei smitta.

– Eg trur eg hadde blitt mykje sjukare om det ikkje var for vaksina. Verkeleg. Då hadde eg nok enda på sjukehus, seier 38-åringen, før han dynkar hovudet i den varme kjelda.

Den umiskjennelege lukta av svovel klarer han ikkje å lukte.

– Så du kan ikke kjenne det lille hintet av råtne egg i lufta?

– Nei, ikkje i det heile tatt, seier han og ler høgt.

Etter koronasmitten er det flere lukter Johann ikke kjenner.
Etter koronasmitten er det flere lukter Johann ikke kjenner. Foto: OIe Enes Ebbesen

Relatert