SUKSESS: På berre få år har bedrifta til Ali, som er oppkalla etter dottera, gått så bra at han treng fleire tilsette. Men UDI seier nei til å hente kompetanse frå Libanon. Foto: Alf Vidar Snæland/TV 2
SUKSESS: På berre få år har bedrifta til Ali, som er oppkalla etter dottera, gått så bra at han treng fleire tilsette. Men UDI seier nei til å hente kompetanse frå Libanon. Foto: Alf Vidar Snæland/TV 2

Får ikkje spesialkompetanse til Noreg grunna fagbrevmangel

FØRDE (TV 2): På få år har Ali Saleh Alsbaih vakse seg ut av fleire lokale. No skrik han etter arbeidskraft. – Skuleeksempelet på ein flyktning, seier Alfred Bjørlo (V).

Ali Saleh Alsbaih og familien er frå Syria, og har opplevd meir enn mange andre dei siste åra. Då dei budde i Libanon i 2015, blei den eine dottera til Ali skoten av ein gut då ho og søstera var ute og leika. Ho døydde seinare av skadane på sjukehuset.

Med det skulle Førde og Vestland bli den nye starten familien sårt trengte. I løpet av kort tid har Ali gått frå å stå utan arbeid til å skape noko eige.

– Eg måtte berre jobbe, seier Alsbaih, som har jobba som møbeltapetserar sidan han var tenåring.

BLEI SKOTEN: Ali si eldste dotter, Safa, blei drepen då ho leika utanfor boligen dei budde i i Libanon. Dette er det einaste biletet dei har igjen av henne. Foto: Alf Vidar Snæland/TV 2
BLEI SKOTEN: Ali si eldste dotter, Safa, blei drepen då ho leika utanfor boligen dei budde i i Libanon. Dette er det einaste biletet dei har igjen av henne. Foto: Alf Vidar Snæland/TV 2

Det heile begynte med ei symaskin han fekk låne av ein nabo, nål, tråd og litt stoff.

På seks år har etterspurnaden etter Ali Saleh Alsbaih sine kunster vore så store at han har jobba seg ut av stova, kjellaren, ein container, to garasjer og næringslokaler på over 100 kvadratmeter.

Får ikkje tak i essensiell arbeidskraft

Alsbaih har ein kollega tilsett i ei 60 prosent stilling, men han meistrar berre symaskiner. Klipping, teikning og andre sentrale arbeidsoppgåver fell dermed på Alsbaih, som allereie står til knærne i arbeid.

Med hjelp frå Nav har Alsbaih iherdig forsøkt å få tak i ein ny kollega som kan hjelpe til med bedrifta, men det fins ingen i verken Noreg eller Europa med den riktige kompetansen som kan begynne å jobbe hos han.

HJELPER TIL: Alsbaih si yngste dotter hjelper til med å sortere knappar på verkstaden. Foto: Alf Vidar Snæland/TV 2
HJELPER TIL: Alsbaih si yngste dotter hjelper til med å sortere knappar på verkstaden. Foto: Alf Vidar Snæland/TV 2

– Eg har ikkje tid til å lære opp andre. Eg treng nokon til å jobbe for meg no, seier Alsbaih.

Dei siste tre åra har under ti personar jobba som lærlingar i møbeltapetserarfaget i Noreg årleg.

Manglar dokumentasjon

I Libanon har Alsbaih ein tidlegare kollega med årelang erfaring som sit klar til å ta med seg familien og kunnskapane til Noreg. Nav har sendt ei offisiell anmoding til UDI om at møbeltapetseraren i Libanon bør få løyve til å jobbe saman med Alsbaih, men frå dei kom eit tydeleg nei.

Årsaken er at kollegaen frå silkevegen ikkje har fagbrev.

No har også lokalpolitikarane kome på bana, og reagerer kraftig på avslaget frå UDI.

– Her har det stoppa opp på grunn av eit kompetansebevis. Det er eit rigid system, for det er jo akkurat slike som Ali vi ønskjer. Her må vi sjå om vi kan finne ei løysing, seier ordførar i Sunnfjord kommune, Olve Grotle (H).

Han får støtte frå venstrepolitikar Alfred Bjørlo.

– Ali er eit skuleeksempel på ein flyktning som har komt til Noreg og har gjort akkurat det alle i Noreg vil flyktningar skal gjere, nemleg å skape sin eigen arbeidsplass, tene pengar, byggje framtida si og vere med på å byggje Noreg.

VIL HJELPE: Sunnfjordordførar Olve Grotle (H) meiner regelverket er for rigid. Foto: Alf Vidar Snæland/TV 2
VIL HJELPE: Sunnfjordordførar Olve Grotle (H) meiner regelverket er for rigid. Foto: Alf Vidar Snæland/TV 2

Bjørlo beskriver heile situasjonen som pinleg.

– Det er ei lita påminning om at vi i dette landet er litt vant til å sjå på oss som verdas navle i alle samanhengar, og at alle må komme og tilpasse seg oss. Det er absurd at vi ber nokon frå silkevegen om eit fagbrev.

– Høg terskel

Avdelingsdirektør i UDI, Karl Erik Sjøholt, skriv i ein e-post til TV 2 at regelverket set ein høg terskel for å få løyve som faglært utan fagbrev eller høgare utdanning.

– Det vil normalt ta fleire år med målretta opplæring og praktisk arbeid før vi kan gi eit slikt løyve.

Sjøholt skriv vidare at ein må kunne dokumentere grundig korleis kompetansen har blitt tileigna. Sjølv om minimumstalet år med arbeidserfaring er gjennomført, er ikkje dette tilstekkeleg, skriv UDI.

Lovar å hjelpe

Bjørlo meiner det er trist at hjelpa uteblir når verksemda til Alsbaih verkeleg tar av.

– Dette må vi hjelpe han med, og det skal iallfall eg gjere alt eg kan no for å få til.

Alsbaih håper heile situasjonen løyser seg, slik at han får tid til å rekke over alle bestillingane.

– Om eg berre får ein tilsett, så vil det gå bra med bedrifta.

Relatert