Hannbjørnen blei skoten onsdag kveld. Foto: Kristian Hanstad
Hannbjørnen blei skoten onsdag kveld. Foto: Kristian Hanstad

Ny bjørn skoten i Troms

Onsdag kveld blei ein ny bjørn skoten i Bardu. Jakta starta på søndag etter at fleire sauar blei drepne førre helg.

Ein hannbjørn er blitt skoten ovanfor Polar Park i Salangsdalen i Bardu kommune, opplyser ordførar Toralf Heimdal om.

Måndag kveld blei den første bjørnen skoten etter at minst 25 sauar blei funnen drepne etter bjørneangrep i kommunane Bardu, Salangen og Malangen førre helg. Den første bjørnen som blei skoten var ein hobjørn.

Det blei gitt tre fellingsløyve av bjørn same helg. Status onsdag kveld er at to bjørnar er skotne. Det er eit lokalt fellingslag og hundar som har jakta på bjørnane.

Den første bjørnen blei skoten fire timar etter at den blei fanga opp av eit viltkamera som var sett opp ved sidan av eit sauekadaver.

Hannbjørnen blei skoten onsdag kveld. Foto: Kristian Hanstad
Hannbjørnen blei skoten onsdag kveld. Foto: Kristian Hanstad

Relatert