OL-heltens hus blei bomba: – Bombar alt som bevegar seg

GAZA (TV 2): Langdistanseløparen Nader Al Masri var flaggberar for Palestina under OL i Beijing i 2008. No leitar han etter deltakarmedaljen frå OL - i ruinane av heimen sin.

Det var midt på natta forrige onsdag. Al Masri fekk ein telefon frå det israelske militæret. Beskjeden var klar, området skulle bombast.

Over tusen heimar på Gazastripa blei øydelagde under det 11 dagar lange bombardementet i mai, ifølge FN.

Heimen til Al Masri var ein av dei.

Nader Al Masri leitar etter deltakarmedaljen frå OL i Beijing.
Nader Al Masri leitar etter deltakarmedaljen frå OL i Beijing. Foto: Kjetil Iden / TV 2

– Vi er uskyldige

No har han sendt dei fem borna for å bu hos slektningar mens han sjølv leitar rundt i den delvis samanraste bygningen. Veggen er blåst ut. Eit par skulesekkar ligg under nokre steinar.

– Okkupasjonsmakta bombar alt som bevegar seg. Dei skil ikkje på folk, seier han oppgitt til TV 2.

Kjetil Iden er TV 2 sin reporter på Gazastripa.
Kjetil Iden er TV 2 sin reporter på Gazastripa. Foto: TV 2

Al Masri kikkar ut gjennom det gapande holet i veggen, og ser rett ned i det svære krateret frå bomba som slo ned og jevna nabobygget med jorda. Det huset tilhøyrde slektningen hans, Ramiz Al Masri.

Israel seier dei kun bomba bygningar der Hamas eller andre militante grupper heldt til. Desse gruppene avfyrde rundt 4000 rakettar mot Israel. 13 menneske blei drepne, ifølge den israelske hæren. På palestinsk side mista over 250 menneske livet, ifølge helsestyremaktene på Gazastripa.

Dette er utsikta frå heimen til Nader Al Masri. Berre eit krater er igjen av huset til hans slektning og nabo, Ramiz Al Masri.
Dette er utsikta frå heimen til Nader Al Masri. Berre eit krater er igjen av huset til hans slektning og nabo, Ramiz Al Masri. Foto: Kjetil Iden / TV 2

Men Ramiz Al Masri insisterer på at hans bygning ikkje skjulte Hamas-medlemmer.

– Anar du kvifor dette blei eit mål for israelske bomber?

– Nei, vi er uskuldige menneske som lever her. Vi er fredelege menneske. Spør israelerane om kvifor dei bomba oss, seier Ramiz Al Masri.

Frå OL-helt til bombeoffer

Nader Al Masri var i verdseliten på langdistanse frå 1998 til 2018. Under OL i Beijing sprang han 5000-meter som den einaste deltakaren frå Gazastripa, og han fekk det ærefulle oppdraget med å vere flaggberar for Palestina.

Al Masri bur i Beit Hanoun, heilt nord på Gazastripa. Byen har hyppig vore råka av konflikta med Israel, særleg etter at Hamas tok kontrollen over Gazastripa i 2007. Dette er tredje gongen huset til Al Masri blir skadd. I støvet etter bombene som fall i forrige veke, finn han til slutt deltakarmedaljen frå OL.

Al Masri børstar støv av deltakarmedaljen han fekk under OL i 2008.
Al Masri børstar støv av deltakarmedaljen han fekk under OL i 2008. Foto: Kjetil Iden / TV 2

– Når eg ser det eg har streva for i 20 år bli øydelagd, blir eg sønderknust, seier han, og kostar støv av medaljen og andre minne frå si lange idrettskarriere.

No forsøker han å sjå framover. Han er trenar for unge, håpefulle løparar på Gazastripa. Håpet er at også dei ein gong skal bli gode nok til å kunne representere Palestina i OL.

Om kort tid skal dei etter planen delta på dei arabiske leikane i Tunisia, men krigen på Gaza har kasta om på alle planar. No sjonglerer Al Masri jobben som trenar og organisator, med å hjelpe sin eigen familie med å handtere både det praktiske, men også sjokket med å bli bomba ut av eigen heim.

– Eg førebur meg på å ta del i OL. Men dette er ein umuleg situasjon - skal eg tenke på familiens framtid eller på OL?

Relatert