FULLT HUS: Kommunen sporer noko av smitten tilbake til eit nachspiel som var 15. mai i Hammerfest. Verten er ein av dei smitta. Foto: Skjermdump TikTok
FULLT HUS: Kommunen sporer noko av smitten tilbake til eit nachspiel som var 15. mai i Hammerfest. Verten er ein av dei smitta. Foto: Skjermdump TikTok

Sporer smitten tilbake til fest med 100 personar

Ein utestad og eit nachspiel har ført til full nedstenging i Hammerfest. Rundt 200 personar er registrert som nærkontaktar.

Frå fredag av går Hammerfest i full nedstenging etter at villsmitte herjar i samfunnet. Elleve personar er smitta, og 50 personar har meldt om symptom.

Fellesnemnaren er utestaden Fresh i Hammerfest, der rundt 100 personar var samla 8. mai. Dette talet bekrefter ordførar Marianne Sivertsen Næss til TV 2.

– Vi kan spore smitten tilbake til 8. mai, der fleire unge menneske frå store delar av landet var samla. Fleire av dei har hatt symptom i dagane etterpå, sa ordførar Marianne Siverten Næss på ein pressekonferanse fredag.

Etter det TV 2 erfarer skal det ha vore eit bursdagsselskap på utestaden.

Dagleg leiar ved Fresh, Marius Heitmann, seier til TV 2 at det var reservert bord til 69 personar 8. mai, og at det var i samsvar med kapasiteten.

– Så det har ikkje vore fleire enn 69 personar der?

– Ikkje samstundes. Vi har fri spiseservering, så nokon kan ha dratt, og andre kome til. Eg har ikkje gått gjennom listene sjølv, men har sendt dei over til kommunen, seier Heitmann.

Nacspiel-smitte

Veka etter, 15. mai, var det igjen samling på Fresh. Ein person som var på utestaden hadde i etterkant nachspiel. I ein video frå nachspielet TV 2 har sett er det titals menneske samla i ein bustad.

Til Hammerfestingen oppmodar ordføraren alle som har vore på Fresh og nachspielet 15.mai til å gå i ventekarantene.

– Til no er det registrert 200 personar som nærkontaktar, seier Sivertsen Næss til TV 2.

Sjukehustilsette tilknytta nachspiel

To av dei smitta i Hammerfest jobbar på sjukehuset, i tillegg er også ein pasient blitt smitta. På spørsmål om nokon av dei tilsette var på nachspielet, svarer ordføraren at dei smittetilfella blir sett i samanheng med nachspielet og Fresh 15. mai, og at det er ei tilknytning der, utan at ho kan bekrefte om dei tilsette var tilstades på festen.

Skreiv han var sjuk – sletta kommentaren

Heitmann ved Fresh er sjølv ein av dei som er nøydde til å teste seg, etter å ha vore på Fresh 15. mai. På spørsmål om han var på fest eller jobb den dagen svarer Heitmann:

– Alltid på jobb, alltid fest. Jobben min er veldig todelt. Eg var ute på byen 15. mai.

I etterkant av 15. mai skreiv Heitmann ein kommentar på Facebook, der det stod: «Jeg ligger hjemme med manneinfluensa akkurat nå. Det er faktisk helt umulig at covid-19 er verre».

 Foto: Skjermdump frå Facebook.
Foto: Skjermdump frå Facebook.

Heitmann sletta i etterkant kommentaren, og seier at han ikkje trur han er smitta, men er i kjempeform.

– Eg har skjønt at glimt i auge ikkje er noko folk på Facebook kan lese, seier han til TV 2.

Heitmann trur smitteutbrotet stammar frå nachspielet 15. mai, og ikkje utestaden han driv.

– Der er det verken personregistrering eller dørvakter til stades som held ro og orden.

Ikkje kontroll

Hammerfest kommune har ikkje fått kontroll på utbrotet, og ventar ei stor mengde positive prøvar dei neste dagane. Frå fredag til tysdag vil fleire institusjonar, butikkar, treningsentre, skular og barnehager vere stengde.

Seks av dei elleve smittetilfella er innbyggarar i Hammerfest, medan resterande er tilhøyrande Alta og Kautokeino kommunar.

Ifølge Hammerfestingen var ein av dei smitta ute på ein lokal restaurant og spiste frå koldtbord 17. mai.

Relatert